Gode venner.
Det er et politisk ansvar å sikre likeverdige helsetilbod i hele landet.
Alle skal ha trygghet for liv og helse, uansett kor ein bur.
Dette krev eit desentralisert sjukehustilbod som sikrar beredskapen i vårt langstrakte land.
Alle fagfolk veit at ambulanse og helikopter aldri kan erstatte akuttmottak på sjukehus, men vere eit viktig supplement.
Før valet gav Høgre og helseminister Høie inntrykk av at ingen lokalsjukehus skulle leggast ned. At slike avgjerder skulle avgjerast i Stortinget og at de regionale helseføretaka skulle avviklast.
Nå har han snudd fullstendig. og er einig med Arbeiderpartiet og sin forgjengar Jonas Gahr Støre: Dei vil ikkje stortingsbehandle nedlegging av sjukehus. Føretaksmodellen skal vidareførast på en slik måte som aldri var stortingets intensjon da føretaksloven ble vedtatt i 2001. I § 30 i lova står det at vesentlige endringar i sjukehustilbodet, som har samfunns- messig betydning, skal ikkje avgjerast av føretaksstyra. I merknader gjorde Høgre, Arbeiderpartiet og FRP i 2001 det klart at dette var politiske avgjerder som stortinget har ansvar for.
I dag er det enorm misnøye blant folk og fagfolk mot helseføretaka. Det er et bredt opprør mot den manglande demokratiske styringa og kontrollen med helsesektoren. Mot allmektige konsernstyrer, byråkrati og butikktankegangen i sjukehusa, og mot målstyring som undergraver kvalitetsleiing og tilsette sine faglege vurderingar. Det er eit opprør som handlar om folk sine grunnleggande behov for gode og trygge helsetenester, og om tilsette og pasientar som vert overkøyrt av forretningsdrift og myndighetenes fokus på inntjening.
Føretaksmodellen innebar å sentralisere eigarskapet til staten. Eg bare spør: Dersom fylkeskommunen hadde hatt eigarskapet, hadde det vært mulig å legge ned Rjukan og Kragerø sykehus, utan at fylkesstinget hadde gjort vedtaket?
Sjølvsagt ikkje.
Dersom fylkestingsmedlemmer frå øvre Telemark hadde gått for nedlegging, hadde de da blitt attvalt?
Sjølvsagt ikkje
Når fleire tusen viser sin harme og misnøye slik at sjukehusleiinga krev politi-eskorte, burde storting og regjering lytte. Ikkje bare overkøyre.
I går hadde helseminister Høie pressekonferanse om en ny helsereform kalla fritt behandlingsval. Regjeringa vil gi offentlige sjukehus økt fridom. Dei skal påleggast å utarbeide en ny strategi for økt bruk av private. Det gjer landets helseminister, samtidig som han legg ned offentlige sjukehus i distrikta. Han fortel dermed klart kvaslags interesser han representerer.
Utviklingsplanen for Telemark HF, lokalt kalla nedleggingsplanen, handlar om økonomi og sentralisering. Derfor blei stadleg leiing tatt bort. Føretaksleiinga hevder dei skal spare 200 millionar gjennom sentralisering og fusjonering.
Men faktum er at erfaring med sjukehussentralisering i Norge og utlandet er dårleg. Dei fleste sjukehusfusjonar er mislykka. Samanslåing av sjukehus gir økte kostnader og kvaliteten blir ikkje betre.
Helse er trygghet. Helse er eit folkevalt ansvar. Da må folkevalte seie kva dei meiner, om nødvendig tvingast til å seie det dei meiner. Det er eit fleirtal på stortinget i dag som vil legge ned lokalsjukehus. Det er Høgre, Arbeiderpartiet og FrP. Det sa dei ikkje før valet.
Lykke til i den vidare kampen.