Meny

Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet i Hordaland inngår ein intensjonsavtale

Ap, KrF og Sp i Hordaland har i dag hatt pressekonferanse på Litteraturhuset i Bergen og signert ein intensjonsavtale, som forpliktar dei til å møtas etter valet i haust med mål om å bli einige om ein felles politisk plattform.

Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet i Hordaland inngår ein intensjonsavtale

 

Ap, KrF og Sp i Hordaland har på ein pressekonferanse på Litteraturhuset i Bergen i dag signert ein intensjonsavtale, som forpliktar dei  til å møtas etter valet i haust med mål om å bli einige om ein felles politisk plattform. Dei tre partia vil løfte innsatsen for å forbetre kollektivtilbodet i heile fylket, redusere fråfallet i vidaregåande skule og styrkje fylkeskommunen si rolle som regional næringsutviklar.

 

  • Det har vore gode samtalar mellom Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet den siste tida om å kome fram til ein intensjonsavtale i forbindelse med haustens val. Vi er eit styringsdyktig alternativ som kjem med ny glød og som vil arbeide hardt for å gjera Hordaland til ein betre plass å bu for innbyggjarane, seier Anne Gine Hestetun, 1. kandidat for Hordaland Arbeiderparti.
  • Vi er glad for at vi allereie no kan vise innbyggjarane i Hordaland kva alternativ dei har ved haustens val. Ap, KrF og Sp meiner det trengs eit nytt fleirtal som vil ta nye grep for å gje Hordaland det kollektivtilbodet vi fortener, og som vil løfte kvaliteten på dei vidaregåande skulane dei neste åra. KrF er og glad for at vi no kan sei at disse tre partia er einige om å etablera einingstakst til Arna, seier Pål Kårbø, 1. kandidat for Hordaland Kristeleg Folkeparti.
  • Senterpartiet er svært nøgd med å vere samde om en intensjonsavtale med Arbeiderpartiet og Kristeleg Folkeparti kor ein viktig premiss er at det no skal leggjast til rette for at heile fylket vert tatt i bruk. Vi treng eit taktskifte i klima- og miljøarbeidet, og vi vil styrkja fylkeskommunen si rolle som regional næringsutviklar, seier Benthe Bondhus, 1. kandidat for Hordaland Senterparti.

 

Dei tre partia ønskjer å invitera andre aktuelle parti til å delta i samarbeidet og utgjera grunnlaget for eit nytt politisk fleirtal.

For fleire kommentarar,

Anne Gine Hestetun, 1. kandidat Hordaland Arbeiderparti. Telefon: 995 64 643

Pål Kårbø, 1. kandidat Hordaland Kristelig Folkeparti. Telefon: 934 29 063

Benthe Bondhus, 1. kandidat Hordaland Senterparti. Telefon: 995 67 696