Meny
Bli medlem

Åsane er utan makt

Sist endret: 27.09.2020
Kjersti Toppe beskriv i dette innlegget Åsane, no ein bydel i Bergen, si vandring frå eigen til kommune, til bydel utan makt over eiga utvikling og der utviklinga gjekk skeis.
 
 
- Av Kjersti Toppe (Sp), stortingsrepresentant for Hordaland (innlegget stod på trykk i Bergens Tidende 12. april 2016)
 
Dersom Åsane hadde hatt eit fungerande folkestyre, hadde vi ikkje fått rasert sentrum med bilbasert trafikk og handelshus på handelshus.
 
Kommunereforma rir over Vestlandet. Bergens Tidende er på pletten og applauderer alle forslag som kan minne om stordrift og sentralisering. Avisa vil ha færre kommunar i Hordaland og særleg i Sogn og Fjordane, og fleire bydelar i Bergen. Verdien av eit lokaldemokrati har no fått ein pris, og den blir synleggjort i regjeringa sitt forslag til nytt inntektssystem. Inntektssystemet er eit systematisk ran av Vestlandet til fordel for sentrale Austlandet, og ei drastisk overføring av pengar frå distriktskommunar til storbyane.
 
Denne trugselen har fått skjebnetrua til å slå rotfeste, skjebnetrua om at småkommunane ikkje vil overleve uansett. Kommunereforma er blitt rein psykologi: Regjeringa har klart det kunsttrykket å påføre kommunar og folkevalde så dårleg sjølvtillit at dei gir opp trua på seg sjølv og sitt eige lokaldemokrati. Det er trist. Kontrasten er stor til stortingsdebatten 31. mars i år, der sentraliseringspartia så falskt hylla det lokale sjølvstyre og grunnlovsfesta at innbyggjarane har rett til å styre lokale tilhøve gjennom lokale folkevalde organ.
 
BT meiner at Osterøy og Vaksdal som bydelar i Bergen er eit framtidsretta prosjekt . Hovudargumentet er at Vaksdal og Osterøy saman med Arna vil kunne bli ein bydel på 25.000 innbyggjarar, som vil ha same «status» som dei andre bydelane i Bergen.
 
Vel, for kven er det eit viktig mål? Åsane er ein av dei bydelane som i dag har same «status» som ein eventuell ny bydel i aust. Bydelen har blitt bretta ut i BT som bydelen der utviklinga gjekk skeis. Sigrid Utne skreiv i BT 22.3.16 om «flukta frå Åsane», om kvifor ho ikkje kunne bu i bydelen meir. Ho skreiv vakkert, men sårt om mangel på identitet, kultur og natur. Handelssentera er ikkje nok. BT har på leiarplass lagt skulda for denne utviklinga på manglande planar og politikarar som ikkje sa nei. Det er korrekt. Men først og fremst skuldast utviklinga Åsane sin mangel på eigne politikarar.
 
Åsane blei slått saman med Bergen kommune i 1972, mot folkeviljen og politiske vedtak i Åsane heradsstyre. Før kommunesamanslåinga i 1972, hadde folkevalde i Åsane vedtatt ein framtidsretta generalplan for utvikling av Åsane. Men generalplanen vart lagt i ei skuff etter kommunesamanslåinga, inkludert den delen av planen som hadde sett av trase til ei forstadsbane mellom Bergen sentrum og Hesthaugen. Bydelsstyrer vart oppretta, og lagt ned. Folkevalde i Åsane har sidan 1972 stått utan makt over eiga utvikling. Når vi vel 40 år etterpå diskuterer trase for bybanen, og ser på utviklinga i Åsane sentrale deler, er det klart at noko har svikta.
 
Ein ting er klart. Dersom Åsane hadde hatt eit fungerande folkestyre hadde ikkje Åsane sentrale delar sett ut slik som det ser ut i dag. Vi hadde ikkje fått rasert sentrum med bilbasert trafikk og handelshus på handelshus. Bebuarar i Åsane hadde ikkje måtte reise til Fyllingsdalen for å få sjukeheimsplass. Vi hadde ikkje måtte låne lokale i Fana kulturhus for å reise ei førestilling. Vi hadde hatt mange engasjerte ombodsmenn og kvinner til kjempe for våre lokalmiljø, for kulturhus, skular, symjebasseng og eldrebustader, og sjølvsagt mot ny godsterminal på Haukås. I dag er det særinteresseorganisasjonar som står for dette. Desse har ikkje makt når det kjem til stykke.
 
Kommunestruktur er eit verdival som handlar om kva slags samfunn vi vil skape. Gode lokalsamfunn skapast der ein har tryggleik, der ein får dyrke sin kultur og identitet som skapar tilhøyregheit og engasjement blant innbyggjarane. Utan sterke lokalsamfunn, får ein ikkje sterke kommunar eller sterke regionar heller. Sterke lokalsamfunn får ein ikkje utan eit sterkt lokaldemokrati, der innbyggjarane deltek og engasjerer seg i det som skjer, og kan påverke avgjerdene i folkevalde organ. Kommunereforma handlar om det motsette. Folkestyret vert svekkja i store kommunar.
 
I Danmark førte kommunestruktur-reforma til ei halvering av talet på folkevalde. Samstundes førte reforma til oppretting av 6000 nye administrative stillingar. I åra etter at den danske reforma vart innført vart over 400 skular og 100 bibliotek lagt ned. Danskane opplever at velferdstilbodet no er dårlegare. Vi må ikkje gjenta dette i Norge.
 
Ein ser ikkje verdien av lokaldemokratiet før ein misser det. Åsane er eit eksempel på nettopp det. Elefanten i kommunereformrommet er eit knust lokaldemokrati. Om Osterøy og Vaksdal blir del av Bergen, sit desse kommunane att med ein eller to representantar kvar, om dei er heldige. Bydelsutval som plaster på såret, er ikkje eit alternativ. Desse vil ikkje kunne bestemme noko som helst i viktige saker. For om ein avviklar det lokale folkestyre, står ein også på sidelinja når andre vedtek premissar for lokalsamfunnsutvikling, næringspolitikk, skule- og eldreomsorg i ditt eige nærmiljø.
 
Eit inntektssystem varer ikkje evig. Men legg ein ned kommunen, gjer ein det for alltid.