Meny

Åsane: Kulturhus og oppstart av prosjektet på Myrdal

Då gruppeleiar Ove Sverre Bjørdal la fram Sp sitt budsjett for 2013 la han spesielt vekt på kultur og idrett. - Kulturhuset i Åsane må bli ein realitet. Senterpartiet har arbeida for dette i mange og og har sett av investeringsmidlar til dette i budsjettet for 2013. Han legg til: - På Myrdal må planlegginga av idrettsanlegget kome igang. Dette har vi og sett av midlar til.

 Kulturhus i Åsane.

Senterpartiet har arbeidd for etableringa av eit kulturhus i Åsane i mange år og vil med budsjettframlegget vårt framskunde byggjinga av kulturhus i bydelen. Vi har sett av investeringsmidlar til dette både i budsjettet og i økonomiplanen. Byrådet foreslår å byggje dette i eit OPS-samarbeid. Primært ynskjer Senterpartiet å byggje dette i kommunal regi og set av midlar til dette. Plassering og realiseringstidspunkt er likevel meir avgjerande enn byggjing i kommunal regi, og vi er difor opne for leige dersom dette mogleggjer ei betre løysing.

 Planleggingsmidlar Myrdal idrettsanlegg

Senterpartiet vil prioritere byggjing av Myrdal idrettsanlegg og set av 5 millionar for å mogleggjere denne planleggjinga i 2013. Det resterande vil bli budsjettert når planleggjing og kostnadsoverslag er utarbeidd.

 Lokalmedisinsk senter

Bergen kommune var ikkje budd på Samhandlingsreforma. I ein stor bydel som Åsane vil ein måte å rette opp i dette på, bli å etablere eit lokalmedisinske senter. Eit slikt senter vil kunne gje tilbod til pasientar før, etter og i staden for sjukehusinnleggjingar, og redusere presset på allereie pressa sjukeheimar. Det vil òg kunne gje eit breitt poliklinisk tilbod.

 Gjenopprette bydelsstyra

 Senterpartiet ser på ordninga med bydelsstyra som ein viktig reiskap for å styrkje lokaldemokratiet i Bergen og vil difor gjenopprette bydelsstyra i Bergen etter mal frå ordninga i Oslo.