Meny
Bli medlem

Askøypakken: 1,5 mrd til utbygging av vegnettet

Sist endret: 27.09.2020
- Vegnettet på Askøy blir tryggare, og forholda blir betre for gåande, syklistar og kollektivtrafikk. Næringslivet får raskare og meir effektiv transport av varer og gods, seier samferdselsminister Marit Arnstad.

- Vegnettet på Askøy blir tryggare, og forholda blir betre for gåande, syklistar og kollektivtrafikk.  Næringslivet får raskare og meir effektiv transport av varer og gods.   

Dette seier samferdselsminister Marit Arnstad i samband med eit forslag om delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Hordaland.

Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.

Askøypakken omfattar ei rekkje prosjekt og tiltak for å heve vegstandarden i området: Smale strekningar skal utvidast, svingar skal rettast ut, kryss skal utbetrast og trafikkfarlege avkjørsler vil bli stengde. På fleire strekningar vil det bli bygd fortau eller gang- og sykkelvegar.

Dei samla kostnadene for Askøypakken er rekna til om lag 1,5 milliardar kroner. I tråd med  vedtak i Askøy kommune og Hordaland fylkeskommune, skal utbygginga finansierast ved ein kombinasjon av bompengar og midlar frå Hordaland fylkeskommune.

Kartskisse og fleire opplysningar:

Prop 197 S (2012-2013) Delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Hordaland