Under årsmøtemiddagen skal vi ha ein halvtimes fantastisk underhaldning med Haug & Helgen, statsbyråkratisk underhaldning av høgste klasse: http://www.haugoghelgen.no/
Vi tar forbehold om evt endringar av det endelege programmet
Vi kommer tilbake til formell påmelding til årsmøtet! Men vi har som klar ambisjon om å gjera 2017-årsmøtet til ei like stor oppleving som 2016-årsmøtet.
Derfor inviterer til alle våre 101 kommunestyremedlemmer til årsmøtet. I tillegg vil vi også invitere våre medlemmer til å vere observatør på årsmøtet mot sjølvkost. Vi vil gjere dette til ei storsamling ved inngangen til eit viktig valgår!
Herved er innkalling sendt ut og merk dato! Og vi har heile Quality Straand Hotell til vår disposisjon!
Prisane er som følgjer for folk som skal betale sjølv:
Konferansepakke: kr 1575 pr. person (kr 1425 i dobbeltrom) (med 1 glass vin/alhoholfritt til middagen , 3 retters årsmøtemiddag, frokostbuffet, lunsj, trådløst nettverk, kaffe/te heile dagen.Fri benyttelse svømmebasseng, sauna og trimrom.
Dagpakke fredag eller lørdag : Kr. 490
Program ser slik ut:
Fredag 10. februar:
Kl 15.00: Opning av fylkesårsmøte i Telemark Senterparti med lokalt kulturinnslag.
Kort velkommen ved fylkesleiar. sak 1
Konstituering av fylkesårsmøtet, sak 2.
Opningstale ved fylkesleiar Olav Urbø, sak 3
Kl. 15.45: ”Slik skal jeg vinne Telemark» – innleiing ved stortingskandidat Åslaug Sem-Jacobsen ….. sak 4
Kl 16.15: Åslaug Haga, tidlegare partileiar og statsråd: «Fra Peru til Vrådal», om sin jobb og sitt virke i politikken. Vurdering av valget 2017., sak 5
Kl 17.00: 5 min pause.
Kl 17.10: Generaldebatt på årsmøtet, sak 6.
Kl 18.25: Kort orientering om resolusjonsarbeidet.
Kort orientering om resolusjonsarbeidet.
Kl. 18.30: Avslutning for dagen.
Kl. 19.30: Årsmøtemiddag.
Program:
· Kjøgemester: Terje Riis-Johansen
· Underholdning med middagen: Haug & Helgen.
· Utdeling av diverse prisar og av Senterpartiets Hedersmerke
· Allsang
· Etter middag: Sosialt samvær – dans.
Laurdag 11.februar:
Kl. 08.00: Frukost
Kl. 09.00: Årsmøtet held fram.
Handlingsplan for 2017, innleiing ved fylkesleiar Olav Urbø og Tor Erik Baksås, leiar av valgkamputvalget, sak 7
Resolusjonshandsaming,presentasjon , leiar resolusjonskomite,sak 8
Årsmelding for 2016, ved fylkesleiar Olav Urbø, sak 9
Årsmelding frå fylkestingsgruppa ved gruppeleiar Terje Riis-Johansen sak 10
Rekneskap for 2016, ved fylkessekretær Sveinung Leikvoll, sak 11
Budsjett for 2016, ved fylkessekretær Sveinung Leikvoll, sak 12
Kl. 11.00: Kaffepause, utsjekking.
Kl 11.30: Åslaug møter frivilligheten i Telemark, presentasjon av to frivillige organisasjonar (Telemark Idrettskrets og Telemark Røde Kors) og utspørring av stortingskandidaten, Åslaug Sem-Jacobsen.
Kl 12.10: Senterpartiets program 2017-2021, ved medlem av programkomiteen Beate Marie Dahl Eide , sak 13
Kl 12.30: Val etter lovene, ved leiar i valgkomiteen Gunhild Lurås, sak 14
Avslutning av årsmøtet.
Kl 13.00: Er du klar til å vinne valget for Senterpartiet? Avslutning ved Kathrine
Kleveland, sentralstyremedlem og 1.kandidat i Vestfold Sp, sak 15.
Kl. 13.30: Lunsj
Praktiske opplysningar:
Konferansepakke: kr 1575 pr. person (kr 1425 i dobbeltrom) (med 1 glass vin/alhoholfritt til middagen , 3 retters årsmøtemiddag, frokostbuffet, lunsj, trådløst nettverk, kaffe/te heile dagen.Fri benyttelse svømmebasseng, sauna og trimrom.
Dagpakke fredag eller lørdag : Kr. 490
For lokallag som har økonomiske utfordringar før partistøtta blir utbetalt – kan søke Telemark Senterparti om evt. betalingsutsettelse.
Telemark Senterparti vil invitere alle våre 101 kommunestyremedlemmer som observatørar til årsmøtet (for dei som ikkje er valte utsendingar).
Alternativet er å delta på heile årsmøtet – dagpakke fredag eller laurdag. Vi inviterer også medlemmer til å delta til sjølvkost.
Saker og resolusjonsframlegg som ein ønskjer handsama må vera fylkeskontoret i hende innan 1.februar.
Bø, den 9.januar 2017
Med vennleg helsing
TELEMARK SENTERPARTI
Olav Urbø Sveinung Leikvoll
Fylkesleiar fylkessekretær