Meny

Attgroing i FRP

Sist endret: 16 03 2017
Sigurd Reksnes, nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, svarar Frp på innlegget dei hadde i fleire av fylkes aviser i veke 21.

«Frp ryddar etter Senterpartiet» er overskrifta til fylkesleiar Lars Svein Drabløs i fleire aviser i fylket. Det er visst derfor regjeringa med Bondelaget si velsigning brukar pengar som kunne vore brukt til matproduksjon til rydding av vegkantar. Det er visst ikkje måte på kor mykje gale Senterpartiet gjorde den tida vi sat i regjering. Innlegget føyer seg såleis inn i rekka av innlegg frå den blå blå leiren her i fylket. Hovudfokuset ser ut til å vere og drive med historieforfalsking og sverting av Senterpartiet.  Vi trur at det hadde vore betre om Frp og Høgre i Sogn og Fjordane heller hadde brukt energien på å jobbe for betre rammer til landbruket i fylket. Vi har bak oss to jordbruksoppgjer på rad som fører til dårlegare rammevilkår for det store fleirtalet av matprodusentar i Sogn og Fjordane samanlikna med resten av landet.

Senterpartiet sin matpolitikk legg opp til at mest mogeleg av maten som vi treng skal vi produsere sjølve. Vi meiner å sørgje for at eiga befolkning er sjølvforsynte med mat er eit grunnleggande ansvar for alle nasjonar.  Då må vi ha ein politikk som legg opp til at bonden i Sogn og Fjordane kan produsere lønsamt og ta i bruk dei enorme beiteressursane som vi har. På den måten vil også busker og kratt som Frp ser ut til å vere svært uroa over ikkje ta over. Frp sitt opplegg med å ta pengar frå jordbruksavtalen til utsiktrydding vil nok gje ein kortsiktig effekt, men det einaste som kan halde busker og kratt nede er eit aktivt landbruk med beitande dyr i alle delar av landet. Der bidreg regjeringa sin politikk til at småskala produksjon i Sogn og Fjordane får dårlegare vilkår.

 

Våtedalen

Våtedalen er det beste dømet i fylket på kva beitande dyr kan utrette.


Sogn og Fjordane er eit matfylke. Vi er det fylket i landet som har den største andelen av befolkninga sysselsatt i primærnæringane. Jordbruk, havbruk og fiskeri står for ei enorm verdiskaping og tusenvis av arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien og servicenæringane.  Vi har mykje å vere stolte av. Sogn og Fjordane står til dømes for 75% av bringebærproduksjonen i landet. Morellar frå Lærdal er ei anna sterk merkevare. Lam frå friske fjellbeiter og mjølk som er foredla til flotte produkt på Byrkjelo. Det er mange døme på produksjonar som går godt. Etter at Senterpartiet kom i regjering i 2006 fikk vi ei investeringsbølgje i fylket. Vi har fått fornya mykje av driftsapparatet, men det er mykje som står att. Sogn og Fjordane Senterparti skal fortsette å jobbe for meir til investeringar i landbruket og gode rammer som gjer at ungdomen vil satse på ei framtid som matprodusentar, så får heller Frp og Drabløs konsentrere seg om historieskrivinga.

Sigurd Reksnes

Nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti.