Meny
Bli medlem

- Åtvarar mot store og brå endringar

Sist endret: 27.09.2020
- Ein aktiv og støttande trus- og livssynspolitikk har forma viktige sider ved det moderne Noreg me er glade i. Eg vil åtvara mot at ein no set i verk store og brå endringar i ein politikk som allereie har stor oppslutnad i folkemeininga, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete i ein kommentar til Stålsettutvalet si innstilling som vart kjend i dag.

Navarsete seier Senterpartiet i regjeringa vil verna om den kristne og humanistiske kulturarven. Partileiaren er tydeleg på at kyrkja må behalda vigselsretten, og avviser dermed utvalets forslag om at borgarleg vigsel skal bli hovudordning.

Navarsete rosar utvalet for ei offensiv og positiv haldning til religionane sin plass i samfunnet.

- Det er særs viktig med ein aktiv trus- og livssynspolitikk som byggjer respekt og dialog mellom folk og mellom religionar, seier Navarsete.

-  Vi lever i ei tid der mange menneske kjenner på at samfunnet snevrar inn rommet for å tru. Ungdom i ulike religionar seier der er flaut å vise offentleg at ein har ei aktiv tru. Noreg må føra ein politikk som gjev rom for å tru.

Sp-leiaren håpar på eit respektfullt ordskifte.

- Dette handlar om særs viktige prinsipielle spørsmål, og meir enn mange andre vekker dei også sterke kjensler hos folk. Nokre av elementa i denne politikken omhandlar fellesskapsinstitusjonar, limet i samfunnet vårt.

- På desse områda er det klokt med sakte endring i tråd med folkevilja. Etter tiår med debatt står me midt i ei endring av den kyrkjelege ordninga. Eg høyrer ikkje noko folkeleg rop etter nye, store endringar, avsluttar Navarsete.