Meny
Bli medlem

Auka norsk matproduksjon i arealklemma

Sist endret: 27.09.2020
- I Noreg har me god plass. Men me har lite matjord. Berre 3 prosent av landarealet i Noreg er jordbruksareal. Ut frå innbyggartalet har Noreg mindre dyrka mark enn verdsgjennomsnittet. Nett fordi me har så lite av dei, er det ekstra viktig at me tek vare på dei knappe jordareala me har i Noreg. Me skal være ærlege på at det er ei utfordring, sa Liv Signe Navarsete på Norsk Bondelags konferanse ?Truet jord 2013?.

Innlegg av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete på Norsk Bondelags konferanse ”Truet jord 2013”, 28.2.2013

- Kontrolleres mot framføring

 

Auka norsk matproduksjon i arealklemma

 

Gode forsamling.

Takk for invitasjonen til ein av vårens viktigaste konferansar.

Viktig, fordi vern av jordressursane på lang sikt er eit spørsmål om matvaresikkerheit.

Å produsera nok og trygg mat til eige folk er ei av dei viktigaste og mest grunnleggande oppgåvene i eit kvart samfunn.

Og me treng meir mat i framtida. Verdas folketal vekst kraftig. Berre i Noreg kan me i 2030, om 17 år, vera ein million fleire nordmenn. Då vil forbruket av mat sjølvsagt auke.

Regjeringas mål er at Noreg skal ta vår del av ansvaret for å auke matproduksjonen i verda. Me skal auke vår produksjon i takt med auken i eige folketal.

 

I Noreg har me god plass. Men me har lite matjord.

Berre 3 prosent av landarealet i Noreg er jordbruksareal.

Ut frå innbyggartalet har Noreg mindre dyrka mark enn verdsgjennomsnittet.

Nett fordi me har så lite av dei, er det ekstra viktig at me tek vare på dei knappe jordareala me har i Noreg.

Me skal være ærlege på at det er ei utfordring.

 

Og regjeringa sin ambisiøse politikk på andre område gjer at utfordringa aukar. Me har løfta samferdsleambisjonane opp til nye høgder. Folketalet aukar i heile landet, og me må bygga mange nye bustader.

Mykje av den beste dyrka marka i Noreg ligg der utbyggingspresset er sterkast. Rogaland, Sør-Trøndelag og det sentrale Austlandet er aktuelle eksempel på det.

Me må avvega ulike omsyn. Men i samfunnsdebatten verker det som om nesten alle andre interesser kjem langt føre produksjon av mat.

Jordvern er ei viktig prioritering for regjeringa. Og vår ambisjon er klinkande klår.

 

Me skal klare begge delar. Me klare begge delar.

Landet treng ei enda meir offensiv samferdslesatsing og auka bustadbygging – men Noreg treng og å auke vår eigen matproduksjon.

Regjeringa har vist at det er muleg.

Tal frå Statens landbruksforvaltning og SSB syner at det årlege totale forbruket av dyrka mark er omtrent halvert etter 2005.

I 2011 - som dei ferskaste tala er frå – var vi nede på 6 648 dekar dyrka mark.

Det er det lågaste talet for omdisponering sidan 1980.

Og denne reduksjonen i nedbygging har me fått til samtidig som investeringane til veg og jernbane har auka monaleg:
Veg pluss 73 prosent, jernbane pluss 218 prosent frå 2005 til i dag.

Som samferdsleminister gjorde eg sjølv viktige grep for å sikre denne positive utviklinga.

 

Omsynet til matjord er no lagt inn i målstrukturen i Nasjonal transportplan, med krav om årleg rapportering på forbruket av dyrka jord.

Jordvern er også særs viktig når regjeringa diskuterer løysing i plansaker med motsegn frå landbruksmyndigheitene.

Vidare har me innført ein regel om at vegnormalar som kan ha miljø- eller samfunnsmessige konsekvensar skal godkjennast av samferdsledepartementet.

 

Slik har me sikra politisk styring som gjer det muleg å sikre omsynet til jordvernet i forslag om endra vegstandarar.

Landbruksmeldinga var også tydeleg på at jordvernet skulle styrkast  i arealplanlegginga. Verkemidla i Plan- og bygningslova skal brukast meir aktivt.

Men sjølv om me ser særs positiv utvikling er me ikkje i mål. Utviklinga skal fortsetta.

Me må vidare, og me må ta nye grep.

Eg er glad for at eg i dag kan røpa nokre av dei politiske grepa me vil ta i saker som snart leggast fram frå regjeringa.

 

Først ei nyheit frå stortingsmeldinga om bustadpolitikken, som eg sjølv vil presentera før påske.

Ei av grunnane til at matjorda er under press i dag, er at ulike prosjekt sjåast isolert frå kvarandre, ein har ikkje noko totalt oversyn og ser ikkje dei store samanhengane.

Fram til no har me hatt statlege retningsliner for areal og transportplanlegging for å sikre betre samordning. Men bustadplanlegging har ikkje vore del av dei same retningslinene.

 

Det vil me endra på. I bustadmeldinga varslar eg reviderte retningsliner for bustad-, areal- og transportplanlegging. Kommunar og fylker må frå no av tenke bustad, areal- og transportløysingar i eitt.

Me er i meldinga og tydelege på at fylkeskommunane bør legga vekt på god fordeling av bustadbygging mellom kommunane i dei regionale planane.

Slik sikrar me effektiv bruk av areal og minst mulig inngrep i naturen.

Desse endringane gjer det lettare å sikre meir bustadbygging gjennom fortetting rundt trafikale knutepunkt.

 

Rånåsfoss i Akershus er eit godt døme på korleis det bør gjerast. Eg besøkte staden førre veka. Her samarbeidar kommunane om særs offensive planar. Dei kan byggja nye bustader for 30.000 personar med gangavstand til jernbanestasjon – nesten utan å røra matjord i det heile.

Eg vonar dei nye retningslinene også vil gjere det lettare å realisere ambisiøse prosjekt som dei by-prosjekta Bondelaget sjølv har visjonar om. Minnesundbyen er eit godt døme eg sjølv har vorte inspirert av.

Så langt om bustadenes påverking. Men me skal i vår også legga fram ein ny Nasjonal transportplan. Den blir ei ny offensiv satsing. Det er bra og nødvendig. Men det betyr ytterlegare press på dyrka mark.

Eg ønskjer difor å vera tydeleg på at innsatsen for jordvern også innafor samferdslefeltet må skjerpast ytterlegare.

 

Eg vil nemna to aktuelle tiltak.

Første nokre ord om eit tiltak som er kontroversielt:

Flytting av jordsmonn

Regjeringa har nyleg motteke ein rapport om dette frå Bioforsk.

Rapporten konkluderar med at det er muleg å re-etablera jordbruksareal ved å flytta jordsmonn til nye område. Ein del kriterium er viktige, mellom anna at dei ulike jordlaga flyttast kvar for seg, og ikkje blandast.

Eit av dei mest vellykka prosjekta som nemnast, er graving av reservevannledningen frå Glitre til Asker, på tvers av Lierdalen. Her var grunneigarar involvert i planlegginga, og det var direkte munnleg kommunikasjon med dei som utførte re-etableringa, som i dette tilfellet var maskinførarar med bakgrunn frå jordbruket.

Framover skal me gjennomføra re-etablering av jordbruksareal langs E18 i Akershus i samband med utbygging av ny E18 gjennom Ski og Ås kommune.

100 prosent av dyrkamarka som byggast ned som følgje av vegutbygginga skal erstattast. Det skal gjerast gjennom å flytta ca 350 dekar dyrka mark. 

Ein skal dyrke opp nye areal og målet er at desse skal ha like god kvalitet som før flytting. Skal me lykkast med det, er godt samarbeid med bønder, grunneigarar og fagmiljø nødvendig.

Som sagt. Flytting av jordsmonn er eit tiltak som nok vil vera omstridt også framover.

Men eg meiner prosjekt som dei eg no har skildra kan vera aktuelt å gjennomføre fleire stader.

 

Det andre samferdsletiltaket eg vil nemna er eit langt viktigare tiltak, som vil ha særs stor effekt. Det handlar om å vela bort kontroversielle trasévalg

Det handlar om å sjå på korleis me langt tidlegare i planprosessen av nye veg- eller jernbaneprosjekt kan ta ut dei framlegga som er mest kontroversielle når det gjeld nedbygging av dyrka mark.

Me må i alt arbeid senda eit tydeleg signal om at matjorda er eit knapphetsgode - ein ikkje-fornybar ressurs.

Regjeringa vil difor i den nye Nasjonal transportplanen varsle at dei mest kontroversielle traséalternativa når det gjeld forbruk av matjord, skal leggast vekk på eit tidlig tidspunkt i diskusjonen rundt valg av traséløysingar og konsept.

Det vil gi jordvern enda tydelegare prioritet.

 

Eg har merka meg at sentrale politikarar frå fleire andre parti (…Ingen nevnt, ingen glemt…) har vore ute og sagt at jordvernsomsyn ikkje må få så tung vekt om me skal få bygd vegar, bane og bustader nok.

Til dei vil eg seia:

Det tar 1000 år å bygge opp et matjordlag på 10 cm.

…1000 år…

 

Dei visjonære folka som i si tid grunnla Senterpartiet predika det dei kalla for ”moldas evangelium”.

Vern om matjorda er og i dag eit kjernespørsmål for Senterpartiet.

Eg er stolt over at klangen frå moldas evangelium har blitt norsk regjeringspolitikk.

 

Me skal hauste av naturen.

Jorda skal dyrkast.

Heile Noreg skal også i framtida takast i bruk.

 

Kan det tenkast viktigare motivasjon for å fortsetta i regjering etter haustens val?

 

Takk for meg.