Meny
Bli medlem

Barnehagen i Flatdal

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Eit halvt år etter at utbygginga i Flatdal barnehage var ferdig, er det fullt. Fleire står utan eit tilbod i Flatdal og søsken vert splitta. Småbarnsforeldre som allereie har ein hektisk kvardag må belage seg på ein time ekstra morgon og kveld, for det er nå ei gong slik at ein kan ikkje levere ein unge mellom 1- 3 år som ein leverar ei pakke. Eg er glad for at me på tross av massiv motstand frå dei andre partia i kommunestyre sto på for å få ei investering i Flatdal barnehage på 4.9 mill. Dessverre er dette toget gått og ei ny investering vil krevje ein langt større kostnad enn dette.

Ordføraren seier i reportasjen i VTB at det er ein topp med barn mellom 1- 3 år i Flatdal nå og at dette vil gå nedover. Kva er dette for ei pessimistisk haldning når det  er fleire folk me treng i Seljord kommune. Det er viktig å føre ein politikk som bidreg til befolkningsvekst, Ikkje ein politikk der me tenker at sit me i ro å ikkje gjer noko så går dette over om ein 3 års tid.

Ordføraren har fått talet på barn i kommunen frå jordmor. Altså kven som vert født om ein 7 mnd tid, og kven som er født dei siste åra av kvinner i Seljord kommune. Er det slik at de trur at folketalet skal auke gjennom at dei som allreie bur her skal få fleire barn? Eller er det som senterpartiet meiner at det skal skje med at folk vert verande, ikkje flyt ut og tilflytting. Eg sat i arbeidsgruppe for Tussejuv barnehage nokon år tilbake i tid. Det me var opptatt av var at me ikkje måtte bygge for liten barnehage. Me måtte bygge for framtida! Den er framleis romsleg nå fleire år etterpå. Kvifor tenkte de ikkje slik når barnehagen i Flatdal vart utvida? I reportasjen i VTB står det,  at søsken- spiltting ikkje er uvanleg i Seljord heller. Det er kort  gå- avstand mellom dei  2 barnehagane i Seljord. Mellom Flatdal barnehage og Seljord barnehage er det minst 15 min køyring ein veg.

Jobb nummer ein for Senterpartiet er å bidra til å gjere Seljord kommune attraktiv for fastbuande og tilflyttarar. Då må det satsas på gode tenestetilbod.  Alle småbarnsforeldre forventar å få barnehageplass når dei har behov for det, og det er ei gong slik at me i distrikts- Norge må gje betre kommunale tilbod enn Oslo for me har ikkje den same attraktiviteten som storbyen når det kjem til tilflytting.

Med Århus- Gvammen, og attraktive arbeidsplassar på Århus og i resten av kommunen så ligg alt til rette for ei positiv utvikling i folketal. Tenk på den perla Flatdal vert når me ikkje lenger har tungtrafikk ned Lina. Flatdal er truleg den vakraste bygda i Norge, og nå er arbeidet i gang for å få ein attraktiv turistveg gjennom dalen. Det er så moro å sjå alle dei unge som kjøper seg hus i bygda. Eg var og ein av dei for snart 8 år sidan og eg har ikkje angra eit sekund. Er det rart senterpartiet ikkje bare trur, men veit at Flatdal barnehage er for liten, ikkje bare i 3 år, men langt inn i framtida!