Meny
Bli medlem

Ber Senterpartiet satse i lufta

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Telemark Senterparti ber Senterpartiets programkomite gå inn for bedre luftambulansedekning. Partiets Stortingskandidat, Beate Marie Dahl Eide, seier dette er svært viktig for Telemark;

Dette handlar om rett til like gode akutthelsetenester i heile landet. Det skal vere like stor sjanse for å overleve eit hjarteinfarkt eller ei alvorleg trafikkulykke på Rauland eller i Bø som det er andre stadar i landet. "Eg og Telemark Sp har spelt inn til Senterpartiets stortingsprogram for 2013-2017 at alle delar av landet må ha ei responstid på luftambulanse på max 20 minutt flytid, noko Norsk Luftambulanse stiller seg bak. Det å snakke om 45 minutt - som er gjeldande krav i dag - er fullstendig uforsvarleg. Det er dei første minutta som tel når uhellet først er ute. Då er debatten om dei siste minutta heller uinteressant. Ser ein på dei faktiske forhold, så er Telemark omtrent det einaste området i landet som ikkje har ei luftambulansedekning som er innafor 20 minutt. Det er heilt naturleg at ein ny helikopterbase vert lagt nettopp hit. Vi kan ikkje akseptere at innbyggjarane i Telemark skal ha eit dårlegare tilbod enn andre, og eg og Telemark Sp vil kjempe hardt for våre krav.