Meny

Beredskap på dagsorden i Valdres

Fylkesleiar i Oppland, Bengt Fasteraune, og ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, sett fokus på beredskap når dei møtast iValdres måndag.

Fylkesleiar i Senterpartiet, Bengt Fasteraune, kjem på besøk til Valdres måndag 26. mai. Der vil han mellom anna vere med og drøfte dei store endringane som skjer innanfor naudetatane som brannvesen, politi og sjukehus/ambulanseteneste. Han vil ha på plass eit klart minstekrav til responstid og tryggleik for folk, kvar enn dei bur i landet.  

For å belyse utfordringane rundt beredskap har Sp-laga i Valdres også invitert Jan Geir Solheim (Sp) som er ordførar i Lærdal. Der har dei verkeleg fått erfare kva som er viktig når krisa rammar.

Det andre temaet for dagen er korleis Langsua nasjonalpark kan bli ein brukspark. Her har Fasteraune nyttig erfaring med dei store nasjonalparkane Rondane-Dovrefjell og Dovrefjell-Sunndalsfjella. Jan Geir Solheim har Nærøyfjorden verdsarvområde innanfor kommunegrensene i Lærdal.

Om kvelden vil Fasteraune delta på eit møte med Senterpartilaga i Valdres.