Meny
Bli medlem

-Beste statsbudsjettet nokon gong for Telemark!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Det er neppe nokon gong lagt fram eit betre statsbudsjett for Telemark! Med eit budsjett kor det er sett av nær 2 milliardar til Eidangerparsellen, det er sett av midlar til oppstart og gjennomføring av 3 prosjekt på E-134 med 266 mill kr til tunnell Århus/Gvammen, vidareføring utbetringa av E-134 mellom Grunge kyrkje ?Velemoen, forsterkingsarbeid på strekningen E134 Grungedal kyrkje og Velemoen, i tillegg forsterkingsarbeid riksveg 41 Treungen-Steane, er det eit historisk godt samferdslebudsjett for fylket vårt, seier fylkesleiar Anne-Nora Oma Dahle i Telemark Senterparti.

 

 I tillegg kan det bli aktuelt med anleggsstart i 2014 for prosjektet E-134 Seljord-Åmot, avhengig av tilslutnad til delvis bompengefinansiert utbygging av prosjektet.

På E-18 er det sett av midlar til midtrekkverk på E18 Kragerø – Aust-Agder grense.

Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda er eit viktig tiltak og for Grenland er det i 2014 sett av 60 millinar til belønningsmidlar og ein er blitt samde om stalege tilskot på 215 millionar kroner i perioden 2013-2016 , som er kjent frå før av. Her har vår fylkesordførar, Terje Riis-Johansen spela ei heilt avgjerande rolle.

Konklusjonen på samferdselsbudsjettet for Telemark er at det løner seg med hardt arbeid over lang tid, at samarbeid i heile det politiske miljøet har blitt hausta med konkrete og store resultat!

Telemark har også kome også godt ut av kultursatsinga, der Regjeringa har nådd sitt mål om 1 prosent av statsbudsjettet til kultur. Av større kulturtiltak som har blitt tilgodesett med viktige statlege midlar er Grenland Friteater, Norsk Industriarbeidermuseum, Teater Ibsen, Telemark Museum, Vest-Telemark Museum, Notodden Bok-og Blueshus og Notodden Bluesfestival. Her er med andre ord viktige tiltak i heile Telemark tilgodesett. På kultursida er det også verdt å merke seg at ramme for kompensasjon for meirverdiavgift til friviljuge organisasjonar blir auke med vel 250 millionar kroner til totalt 1200 millionar kroner på landsbasis. Eit svært viktig håndslag til alle friviljuge også i Telemark!

 Telemark Senterparti er glad for at årets budsjett har ei klar prioritet av kommuneøkonomien gjennom den store satsinga og dermed høve til auka vekst i kommunale tenester, når regjeringa vil gje kommunane heile 7,7 milliarder til velferd og utvikling neste år. Veksten i samla inntekter er 1,2 milliarder kroner høgare enn den øvre grensa som blei varsla i Kommuneproposisjonen 2014. Det er også gledeleg at 5,2 milliarder kroner kjem som frie inntekter.

 Telemark Senterparti har i fleire år hatt vedlikehald og utvikling av Telemarkskanalen som ei viktig sak. Det er difor gledeleg at det også i årets budsjett er sett av 4 millionar kroner til vedlikehald av Telemarkskanalen. Vi vonar den komande regjeringa vil vidareføre dette heilt nøvendige statlege håndslaget til drift av Telemarkskanalen.

 Av andre enkelttiltak er det gledeleg å sjå at det er løyvd 20,5 millionar kroner til opprydding av forurensa masser ved Søve i Nome kommune.