Meny
Bli medlem

Betre for daglegvarebutikkar i distrikta

Sist endret: 27.09.2020
Kommunal- og regionaldepartementet betrar støtteordninga til utsette butikkar i distrikta. - Ein daglegvarebutikk med god kvalitet aukar attraktiviteten til ei bygd og er særs viktig når folk skal velje om dei vil busette seg der, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet betrar støtteordninga til utsette butikkar i distrikta. Opptil 200 nye dagligvarebutikkar kan no få tilskot til naudsynte investeringar. Dei aller minste og mest perifere butikkane får redusert krava til eigendel.

- Det er stor trong for ei modernisering og opprusting av mange distriktsbutikkar i Noreg. Ein daglegvarebutikk med god kvalitet aukar attraktiviteten til ei bygd og er særs viktig når folk skal velje om dei vil busette seg der, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Investeringsstøtteordningane blei innført i 2010. Erfaringane syner at det er behov for å gjere endringar, slik at fleire kan kome med. Talet på butikkar som kan søke om støtte til investeringar, er no utvida frå 280 til rundt 460. Samtidig vil dei aller minste og mest perifere butikkane få redusert krav til eigendel.

Ein rapport frå Institutt for bransjeanalyse (IBA) som vart presentert sist haust, synte at 4 av 10 distriktsbutikkar har so dårleg økonomi at vidare drift kan stå i fare. Mange butikkar har ikkje hatt høve til å nytte investeringstilskotet som har eksistert, fordi dei ikkje greier å stille nok eigenkapital. Støtteramma for den einskilde butikk vil i tillegg no bli utvida frå 300.000 til 400.000 kroner.

- Mitt mål er at folk i distrikta skal ha tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk av god kvalitet. Eg håpar og trur at denne omlegginga vil føre til opprustning av mange daglegvarebutikkar, slik at dei kan gje eit best mogleg tilbod til lokalsamfunna sine, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Små butikkar med under 7 millionar kroner i omsetnad og meir enn 10 km avstand til neste butikk, vil komme best ut etter dei nye reglane. Desse butikkane kan no få inntil 75 prosent tilskot til kjøp av kjøl, frys, butikkdata eller andre viktige investeringar.

Departementet har også justert det generelle kravet til omsetnad og avstand. Butikkar med omsetnad på over 7 millionar kroner kunne tidlegare ikkje få støtte. No skal også butikkar med 7-10 millionar kroner i omsetnad kunne søke om støtte frå Merkur-programmet. Desse butikkane kan få inntil 50 prosent i tilskot.

I tillegg blir det ei opning for at distriktsbutikkar med 10-13 millionar kroner i omsetnad og butikkar med 5-10 km avstand unntaksvis, og etter ei fagleg vurdering, kan søke om tilskot.

Dei nye reglane for investeringsstøtte fører til at nærare 200 fleire butikkar kan søke om økonomisk støtte til viktige investeringar for vidare drift. Talet på butikkar som kjem inn under støtteordninga, vil auke med omlag 65 prosent. Det betyr i praksis at dei fleste typiske utkantbutikkane no kan søke om støtte.

Merkur-programmet har ei ramme på 15 millionar kroner til investeringstøtte for 2013.