Meny

Betre lønnsemd i landbruket

Fråsegn frå fylkesleiaren i Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti i Sogn og Fjordane, samt Senterpartiet og Arbeidarpartiet sine ordførarar i fylket.

I Sogn og Fjordane er landbruket ei hjørnesteinsverksemd som skapar store verdiar og gjev store  ringverknader for andre næringar.  Fylket vårt har særlege føresetnader  for produksjonar basert på grovfor og utmarksressursar. Frukt og bær er også viktige produksjonar. Eit velhalde kulturlandsskap og lokal matproduksjon gjennom eit aktivt landbruk er ein føresetnad for ei levedyktig reiselivsnæring og levande bygder.

St. meld nr  9 (2011 -2012) Velkomen til bords  legg opp til 20 prosent auke i landbasert matproduksjon dei komande 20 åra og eit lenande landbruk over heile landet.

Landbruksnæringa har  våren 2013 sett fram krav om 1,97 mrd kroner ved jordbruksoppgjeret .  Tilbodet frå regjeringa er på 1,02 mrd kroner.   Underskrivarane av dette brevet  krev at  lønsemd og inntektsmogelegheiter  vert sterkt styrka i høve til tidlegare og at jordbruksoppgjeret  får ei innretning som høver for landbruket på Vestlandet. Vi ber særskilt om at det vert stilt meir friske budsjettmidlar til disposisjon i forhandlingane. Det er også viktig at ein særkilt investeringspakke vert stilt til disposisjon for næringa.

I  forhandlingane må produksjonar basert på grovfor og utmarksressursar prioriterast.  Sogn og Fjordane har ein topografi som gjev særlege utfordringar med omsyn til effektiv produksjon.  Bruka er meir tungdrivne,  einingane er  mindre og  utfordringa knytt til transport for dei som driftar leigejord er stor. Distriktstilskot på kjøt og mjølk er viktige verkemiddel og må styrkast.

Det må også stimulerast til satsing på sau gjennom innføring av driftstilskot for å auke attraktiviteten til denne næringa og for at produksjon av norsk kjøt skal aukast.

I landbruksforhandlingane må det takast omsyn til den store trongen  for investeringar  i næringa. Mjølkeproduksjonen er den mest kapitalkrevjande delen, men det er også trong for investeringar innan produksjonar som sau og frukt og bær. Det må vere rom for inntektsauke både for samdrifter og familieverksemder.   Ulike regionale utfordringar gjer at taket på investeringstøtte må  setjast regionalt slik det vert gjort i  Nordland, Troms og Finnmark.

Ikkje minst for å sikre rekrutteringa må det legggast til rette for ein fleksibel arbeidskvardag der det er mogeleg å ha ferie og fritid på line med andre yrkesgrupper.

I jordbruksoppgjeret 2013 må det leggast opp til auka beredskap. Endra klima med auka risiko for naturhendingar som gjev alvorlege konsekvensar for avlingar og matforsyning, gjer det naudsynt med beredskapslager av matvarer og såfrø/vekstar.  Klimautfordringar gjer at erstatningane innan grovforproduksjon med husdyr må forbetrast slik at tap ved innhausting av vinterfor får hovudvekt.

Vi krev at desse punkta vert teke omsyn til i jordbuksforhandlingane for 2013.

 

 

 

Karen Marie Hjelmeseter (s)                            Nils P. Støyva (s)                                  Hege Lothe (s)

Fylkesleiar SP                                                      Fylkesleiar AP                                      Fylkesleiar SV

 

Åshild Kjelsnes                                                    Jarle Aarvoll                                         Olav Lunden

Fylkesordførar, Ap                                             Ordførar i Sogndal, Ap                       Ordførar i Leikanger, Ap

 

Harald Offerdal                                                   Marta Finden Halset                           Petter Sortland

Ordførar i Balestrand, Ap                                 Ordførar i Vik, Ap                                   Ordførar i Høyanger, Ap

 

 

Jan Olav Gjerde                                                  Arve Helle                                            Håkon Myrvang

Ordførar i Hyllestad, Ap                                    Ordførar i Fjaler, Ap                           Ordførar i Naustdal, Ap

 

Arild Ingar Lægereid                                          Hallvard S. Oppedal                            Jan Geir Solheim 

Ordførar i Årdal, Ap                                           Ordførar i Gulen, SP                           Ordførar i Lærdal, SP

 

Ivar Kvalen                                                           Oddmund Klakegg                              Karl Vidar Førde

Ordførar i Luster, SP                                          Ordførar i Jølster, SP                          Ordførar i Bremanger, SP

 

Anne-Britt Øen Nygård                                     Anders Ryssdal

Ordførar i Hornindal, SP                                   Ordførar i Gloppen, SP