Meny
Bli medlem

Birgit Johanne Olsnes: Ingen spørsmål, takk!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Vi er midt inne i ein prosess der vi skal gjere store endringar i skulestruktur om eit halvt år. Dette er endringar mange er opptatt av fordi skule er viktig for oss alle. Eg har spurt ordføraren kva planen hennes er, men får ingen svar - ikkje i budsjettmøtet då det blei bestemt at endringar må til, ikkje i avisa då eg skreiv lesarbrev og heller ikkje i dag då vi skulle drøfte høyringsdokumentet som blir sendt ut, skriv Birgit Johanne Olsnes, kommunestyremedlem i Tokke Sp.

 

 Eg har også spurt om ho synest dette er ein god og demokratisk prosess når diskusjonen skal kome så tett opp mot endringane, og svaret eg fekk i dag var at ho ikkje ville gi meg noko svar. Det synest eg temmeleg respektlaust, ikkje bare mot meg, men også dei andre Tokkebuarane som sit og lurar på det same. Eg er ikkje heilt aleine om å lure på dette, og det er difor eg spør. Ungane våre spør også. Dei lurar på kvar dei skal gå på skule til hausten og kven som blir klassekameratane deira. Vi har ingen andre svar å gi enn "Vi veit ikkje enno". Det kjennest ikkje greitt, og det er ikkje lett å forklare.

 Eg kom til møtet i den tru at vi skulle uttale oss om det dokumentet rådmannen hadde lagt fram for politisk handsaming, men ordføraren kunne fortelje oss at det aldri hadde vore meininga. Då forstår eg ikkje kvifor rådmannen la det fram til handsaming? Eg peika på at dokumentet hadde fleire svake punkt og at det ikkje var godt nok til å sende ut, men då sa ordføraren at det var unødvendig å grave seg ned i slike detaljar. Ja då så...

 Birgit Johanne K. Olsnes

Kommunestyrerepresentant i Tokke