Meny
Bli medlem

BITs gjeld oss alle

Sist endret: 27.09.2020 #Oppland
Aud Hove skriv om konsekvensane dersom regjeringen godtek bilaterale investeringsavtaler (BITs).

Aud Hove, nestleiar Oppland Senterparti og 2. kandidat fylkesvallista

«Eit kanadisk gruveselskap saksøkjer Norge fordi dei ikkje får opne ei mineralgruve i Skjåk kommune. Området ligg øvst i Ottavassdraget og i eit sårbart fjellområde for rein.»

Dette kan bli overskrift i nær framtid om dagens regjering godtek bilaterale investeringsavtaler (BITs). Delar av desse avtalane gjer det mogleg for multinasjonale selskap å saksøkje Norge i internasjonale domstolar utan å gå via norske domstolar. Desse avtalane kan gjere at politisk fatta vedtak i Norge og folkedomstolen blir overkøyrde av internasjonale tvistedomstolar. Der vi kanskje vil ta omsyn til helse, miljø eller klima vil kanskje tvistedomstolane ta omsyn til investorane ved at dei får gjere som dei vil eller kan få store erstatningar.

Eit døme på dette går no føre seg i Romania. Folket i Romania har nådd fram til landets folkevalde med protestar mot ei gullgruve eit kanadsik gruveselskap ynskjer å starte. Der folket meiner at gruva vil øydeleggje det historiske området med miljøgifter, fjelltoppfjerning og forureining av grunnvatnet, vil gruveselskapet krevje erstatning langt utover det dei har investert fram til no. Investorane kan nemleg også fremje søksmål for framtidig tap av profitt. Dette er ofte søksmål i millardklassa.

Dette angår ikkje meg, tenkjer du? Jau, det gjer det. Kom ikkje fortel meg at store multinasjonale investeringsselskap tenkjer helse, miljø og klima eller bærkraftig næringsutvikling til det beste for innbyggjarane i eit land dei ikkje har noko anna interesse av enn profitt for seg sjølve! Eventuelle erstatningskrav vil koste dei landa det gjeld dyrt.

Desse avtalane gjer også at norske investorar kan gå inn i andre land på same måten. Dette blir den nye «kolonimakta». Har selskapet store nok kapitalmusklar kan det med BITs i boks glatt overkøyre dei som bur og lever der selskapet har økonomiske interesser.

Om Norge vil ha strengare miljølovgivning, folkehelsetiltak eller liknande som går ut over interesser for investorane, kan vi risikere å bli saksøkt og ikkje få gjort dei tiltak vi meiner trengs.