Meny
Bli medlem

Bjarne Eiolf Holø sitt innlegg til landsmøtet

Sist endret: 27.09.2020 #Oppland
Her kan du lese Bjarne Eiolf Holø sitt innlegg på Senterpartiets landsmøte

Kollektivtilbod i distrikta ( KID ordninga.)

Senterpartiet skal bruke heile landet. Folk skal sjølve kunne få velje kvar dei vil bu.
Det er derfor svært viktig at staten tek ansvar for at alle skal ha like god tilgang til infrastruktur som gode vegar, høyhastighetsbredbånd og kollektivtransport.

Eg skal begrense meg til å prate om kollektivtilbod.

For at både unge og eldre skal ha like moglegheiter for å delta på fritidsaktiviteter, ha tilgang til service og handel på lik linje med dei som bur meir sentralt er det viktig at vi har eit godt utbygd kollektivnett. Alle veit at det både er kostnadskrevjande og miljøbelastande å legge opp til mange bussavganger i spredbygde strøk. Tome busser er ingen tent med. Oppland senterparti meiner derfor at ein heller må fokusere på fleksible og koordinerte løysningar ved bruk av bestillingstransport. Det er også viktig at alt eksisterande rutetilbod med både expressbusser, lokalruter og bestillingsruter vert koordinert, også med togavganger.  

Regjeringa legg opp til ei utfasing av KID ordninga frå 2016, noko oss meiner er å gå i feil retning.
Erfaringar frå Hedmark og da spesielt Nord Østerdalen viser at bestillingsruter er eit svært godt alternativ for å bedre tilgangen og styrke kolletivtilbodet i distrikta.

Oppmodinga er styrk "KID ordninga" og legg opp til utvida bruk av bestillingstransport til busstakst. Ein slik styrking vil gjeva fleksible, miljømessige og gode kollektivløysningar for det Gode Nærmiljøet.

Bjarne Eiolf Holø