Meny
Bli medlem

Bjarne Undheim - Fylkesleiar si tale til fylkesårsmøtet 2016

Sist endret: 27.09.2020 #Rogaland

 

Tale til fylkesårsmøte Rogaland Senterparti, Haugesund 2016

 

 

 

 

 

Årsmøte, ordstyrar, gjester og presse, Velkommen til Haugesund og 2 dagar med politisk debatt, resulusjonar og fatta vedtak som peikar ut politisk kurs framover.

 

Arbeidslivssituasjonen i Rogaland er ei utfordring for tida. Ledigheita er stigande i mykje av den oljerelaterte verksemda, og den har me mykje av. Det er krevjande for mange, ikkje minst den yngre delen av befolkningen som kanskje nett har kjøpt bustad og stifta familie. Oppseiing kan være svært alvorleg for desse. Inntrykket i Oslo/austlandsområdet har nok vore at dette området flyt av mjølk, honning og olje. Me er vane med å ta utfordringar i Rogaland, men det kan trengjast litt drahjelp enkelte gonger. Vår mann på tinget og leiar av Næringskomiteen, Geir Pollestad, tek meir om det.

Det må også vera lov å gjere seg nokre tankar om det kostnadsnivå som har vore i oljeverksemda i åra som ligg bak oss.

Sentralbanksjefen tok opp problematikken i årstalen der han hevda att kostnadsgaloppen i oljeverksemdene hadde kosta ca 1500 milliard eller som DN  skriv, eit  statsbudsjett blåst bort i for høge kostnader.

Nå kan ein freistast å minna om ordtaket: Det er skilnad på å barbera seg og skjera av seg hovudet.

 

Ei anna sak som krev merksemd er flyktningutfordringa me er oppe i.

Ingen er utan kjensler for dei tragiske krigshandlingane me ser frå omverda generelt, og gjennom dei siste åra frå Syria spesielt.

Ingen med respekt for menneskeverdet er heller utan kjensler for dei dramatiske og tragiske flyktningstraumane me har sett særleg frå Middelhavet gjennom dei siste par åra.  Ein situasjon som stadig har forverra seg, og som klart fekk ein topp siste halvår i 2015.

Me opplever den største flyktningkatastrofen i Europa sidan 2. verdskrig.

Denne situasjonen gir Europa og Norge store utfordringar.  Og det gir utfordringar for kommunar og lokalsamfunn.  Utfordringar som krev handling og leiarskap både nasjonalt og lokalt.

For eit lite land som vårt, er det viktig at det politisk blir skapt einigheit og brei tilslutnad til korleis me skal kontrollera våre grenser, og korleis me skal ta hand om dei menneska som kjem hit og dei som får opphald og skal bli her. 

Det må vera ein politikk som syner at Norge tar ansvar og tar sin relative del av dei utfordringane Europa har og får.  Det må vera ein politikk som er ein rettsstat verdig, ein politikk som syner at landet vårt respekterer dei internasjonale konvensjonar og avtaler vi har, og som syner respekt for menneskeverdet.

Politisk leiarskap i denne situasjonen er ikkje å søka konfrontasjon

Politisk leiarskap i denne samanheng er ikkje å stigmatisera grupper av menneskje, men å sjå einskildmennesket

Politisk leiarskap er ikkje å skapa uro og frykt gjennom mistenkeleggjering og ordbruk som verkar splittande meir enn samlande

Det er difor grunn til å gje honnør til partileiaren vår som ved fleire høve har stilt seg i spissen for å skapa breie forlik i Stortinget for korleis me som nasjon skal handtera denne krevjande situasjonen.

 

Etter dette forliket har me fått ein Statsråd som kan kunsten å provosere, endå til presteskapet, og ho er flink på kommunikasjon, kanskje dobbel kommunikasjonsflink. Eg håpar og trur at det vert eit fleirtal på Stortinget for ein streng, men anstendig flyktningpolitikk. Statsråd Listhaugs linje kan minne meir om «streng men uanstendig» i den grad me forstår ho rett. Ein finn også grunn til å minne om utsegnet til redaktør Valebrokk om kor vanskelig det er å få tak på ein ål i ei oljetønne. Nå er det også slik at den som truleg slit mest med dette er regjeringssjefen, enten det gjeld utsegner, samarbeidspartnarar eller oppslutning.

 

På fjorårets fylkesårsmøte var søndagsopne butikkar eit varmt tema. Det synte seg meir og meir at regjeringa var på kollisjonskurs med «folk flest» og mange av butikkeigarane. Det enda med at saka rann ut i sanden. Det kan sjå ut som kommunereforma til regjeringa kan ende på same plass. Kommunalminister Jan Tore Sanner kan verke ein smule desperat for tida. Nytt skattefordelingsystem for kommunane på høyring i mang ein innspurt på» nabopraten»(nabodrøs på jærsk) og folkerøysting i fleire kommunar. I forslaget får dei største  meir og dei minste får mindre, i alle fall dei frivillig minste (kva det nå tyder). Dei som tapar på forslaget er kommunar mellom 10 og 20 tusen innbyggjarar. Dette var kommunar som ein tidlegare omtala som såkalla robust størrelse. Ja, ja, vegen vert til når ein går heiter det. Om regjeringa sitt forslag får fleirtal på Stortinget er tvilsamt etter politiske signal frå partia.

Senterpartia i kommunane har vore tydelege på å krevja folkerøysting før eventuell samanslåing. Slik røysting skal avhaldast i dei tre Jærkommunane; Hå, Time og Klepp 25 april dette året. Det vil nok vera merksemd rundt resultatet langt ut over Rogaland sine grenser.  For- og i motsidene andre stadar vil nok bruke resultatet på sin måte.

Elles er eg noko spørjande til leiar i næingsforeninga, Harald Minge, som i ei tid med store utfordringar for industrien ser ut til å bruka mykje energi på kommunereforma. Leiaren i NHO i Rogaland er også i same bås. Skomakar bli ved din lest, er eit gamalt ordtak.

 

 

Reformiveren til Regjeringa Solberg er stor. Eg vil gjere ein sving innom reformene. Det er ein raud tråd i regjeringa si reformpolitikk som går på sentralisering. Eg vel å kalla det demontering av distrikspolitikk.  

 

Kommunereform: 

Målet for regjeringa er å redusere antall kommuner betraktelig. Med reformen skulle det følge med nye oppgåver til kommunene, men regjeringen har foreløpig ikke klart å synliggjera oppgåver som kan rettferdiggjera ein så massiv omorganisering av Norge. Regjeringa utelukker ikkje samanslåing. 

 

Politireform: 

Stortingsfleirtalet med regjeringa i spissen har gått inn for å redusera antal politidistrikt fra 27 til 12. Regjeringa meiner at Norge har for mange lensmannskontor, men har ennå ikkje tallfesta kor mange lensmannskontor som skal leggjast ned. I staden sier regjeringa at 90 prosent av befolkninga skal ha maksimalt 45 minutter køyretid til nærmaste lensmannskontor.

 

Skattekontor: 

Kommunane har fram til i dag hatt ansvar for skatteoppkreving. Regjeringa har fremja forslag om å sentralisera skatteoppkrevinga til Skatteetaten, som er statleg. Forslaget vil gje ein reduksjon i talet på skattekontor fra 288 til 33. Stortinget har no sagt nei to gonger til dette.

 

Sjukehusreform: 

Regjeringa si haldning er at for å drive akuttkirurgi vert det krevd eit pasientgrunnlag på minst 60 000 til 80 000 innbyggjarar. Det betyr at over halvparten av norske sjukehus er for små til å ha akuttkirurgi, ifølge regjeringa. Fjernes akuttkirurgien forsvinner ikkje berre akuttberedskapen, men også døgnberedskapen og etter kvart begrunninga for å eksistere som eige sjukehus.  

 

Høgskule- og 

universitetsreform: 

Det er i dag 33 høgskular og universitet. Regjeringa har varsla ein storstilt samanslåing der målet er langt færre institusjoner enn i dag. Regjeringa prioriterer forskning på elitenivå og kampen om å vinne internasjonale forskningsmidler i staden for å satse på å utdanne store yrkesgrupper som skal ivareta velferda i Norge i framtida som lærarar og sjukepleiarar.

 

Sentralisering av 

tingrettane: 

Regjeringa har varsla at domstolsstrukturen skal endrast. Dette gjeld stort sett dei små distriktsdomstolane. Domstoladministrasjonen har igangsatt ei utredning med sikte på å redusere antalet.

 

Landbruket:

Med ei lang rekke skatte- og avgiftsskjerpingar har regjeringa lagt opp til meir stordrift i landbruket og trangare kår for vanlige norske familiebruk. I tillegg har endringar i konsesjons- og kvoteregelverk lagt opp

til meir stordrift. 

 

Kutt i småflyplassar: Avinor driv i dag 46 flyplassar, der kun eit fåtal går med overskudd, men der kryssubsidiering mellom lønnsomme og ulønnsomme flyplassar fører til at alle kan opprettholdast. Regjeringa har lagt opp til at Avinor skal kutte 1,5 milliardar kroner på tre år (2015-2018). 

 

Differensiert arbeidsgjevaravgift: 

I juli 2014 fjerna regjeringa, etter press fra EU, differensiert arbeidsgjevaravgift innan transport-, finans-, energibransjen. Dette innebar ein betydeleg økning i kostnadane til lokale sparebankar, kraftselskap og transportselskap. 

 

Brannstudien:

Det kan leggjast til grunn at regjeringa i løpet av 2016 vil fremje ei sak om omorganisering av brannvesenet. Brannstudien leggjer opp til færre og større brannvesen.

 

 

 

Jordskiftedomstolane:

Det er foreslått mindre strukturendringer. Domstolsadministrasjonen jobber med ei utredning som både omhandlar endringar i tingrettsstrukturen og jordskiftedomstolen.

 

Kutt i pendlerfradrag:

Regjeringa har over tre år kutta i pendlerfradraget slik at mange har falt ut av ordninga og dei som fortsatt får fradraget får betydeleg mindre skattefritak.

Som de høyrer vert vår politikk utfordra på det sterkaste.

Dette må også utfordra støttepartia til regjeringa, i alle fall eit av dei.

 

Beredskap: 

110-sentralar skal som ledd i politireformen samlokaliserast med politiets operasjonssentral­ar. Det skal redusera dagens nitten 110-sen­traler til tolv. Kva som skjer med AMK-sentral­ane er foreløpig uavklart.

 

Over til noko meir triveleg; kommune og fylkestingvalet.

Eg vil starte med å takke alle for god innsats i valkampen. Det vil alltid vera slik at me må setje oss mål om å gjere ting betre, men me må vera godt nøgde med innsatsen i kommune- og fylkestingvalet denne gong. Det er også godt når me har ei leiing i partiet sentralt som fungerer godt saman. Stortingsgruppa har vore godt synleg på mange område i denne perioden.

Vår mann på tinget, Poddlesten er det som me på «nynorsk» seier everywhere og gjer ein kjempe innsats. Eller er det kanskje songen til Elvis som han hentar inspirasjon frå: Are you looking for trouble are you come to the right place. Det er berre godord å høyra frå våre medlemmar. Ikkje alle av våre motstandarar er like godt nøgde med han, men det er eit godt teikn.

 POWERPOINT.

Me må bruka litt tid på resultat frå kommune og fylkestingval. Me har gått frå 2 ordførarar i sist periode til 5 i denne perioden. Me er også inne i fleirtallskonstellasjonen i fylket og bidrog til politisk skifte frå sterk blåfarge til meir fleirfarga.  1,5% opp i fylkesvalget og 1,4% framgang på kommunevalet. Det er sjølvsagt store forskjellar i ulike deler av fylket med Bokn og Sauda på topp med 49,7% og 44,7%. Det er forbetringspotensiale hjå oss andre folkens!

Det nyttar ikkje å kvila på dette resultatet, men det er ein god start på den lange valkampen som skal ende med regjeringsskifte neste haust. Me må byggja organisasjonen slik at den er i god stand til det arbeidet som må gjerast fram mot valet. Medlemsverving og medlemspleie er eit viktig arbeid. Me må også ha fokus på studieringar som kunnskapsbygging og i mange tilfelle ein sosial møteplass. Fylkeslaget skal være bindeleddet mellom sentralorganisasjonen og lokallaga. Fylkeslaget er opptekne av at det er aktivitet i alle lokallaga, og vil bidra dersom me kan og får beskjed. Fylkesstyret har tidlegare delt inn  ansvar for kvar sine lokallag og halde ein tettare kontakt med. Dette må startast opp igjen. Distriksvise arbeidslagsmøte er også ein viktig arena. Tidspunkt om våren er ei utfordring når det gjeld lamming og vårvinna. Skal me ha i vår må det vera tidleg i mars. Til hausten satsar me for fullt med distriktsvise arbeidslag og forhåpentleg vis det såkalla julemøtet, me får tigga noko gryn frå fylkesgruppa, trur eg. Likeins vil eg oppmoda lokallagsleiarane til å ta kontakt med fylkeskontoret dersom det er ting de lurer på eller treng hjelp til.

Når eg først er innom kontoret har eg ein dårleg nyhet. Radarparet ToneKalle skal skjilast. Tone har fått seg nytt arbeid som sauegjetar med noko attåt. Ho skal få betalt for hobbyen sin som er sau. Ei avdeling av Jærmuseet på Randaberg, som har noko med sau, vert den nye arbeidsplassen. Meir om dette i kveld. Sau er eit politisk dyr heiter det, derfor måtte eg ein sving innom dette i talen. Trur dette var det som på fint heiter ein digresjon, og nå tilbake til valkampen.

Me har også eit godt oppegåande Senterungdomslag som me håpar og dra med inn i den lange valkampen. (Poddlesten trur endå han høyrer til der).

Sosiale media vert stadig viktigare for å drive politisk arbeid. Det vert utan tvil viktigare i komande valkampar (enkelte gonger er glad for ein eldest).

Bjerkreim senterparti sin valkampfilm eller kva som er namnet på slikt er eit godt døme på kva som kan gjerast med stor kreativitet og innsats og ikkje kosta «skjorta»

Eg minnest eit møte før kommunevalet på Helleland der «snapchat» vart brukt som døme  og Trond Skjeferås frå Sokndal spurde om det var noko etande.

Når ein legg opp det som me kallar rundreiser i fylke og såkalla stormøte, er det utruleg viktig med samspelet mellom lokallaga og fylket, enten det gjeld personar, lokale, tidspunkt eller andre ting for å få eit godt arrangement.

Dette er noko av dei tinga me skal vera best på, og eg er sikker på at stortingskandidatane våre set pris på og ha ein velsmurt organisasjon i ryggen. Nå er eg snart til endes på talen, og vil nok ein gong takka for innsatsen og minna om fotballtrenar Eggen sine ord om å gjera kvarandre gode. Det var vel ein annan som snakka om best utan ball. Me skal vera best på politikk.

Takk for oppmerksomheita og godt årsmøte.