Meny

Blå helsepolitikk - FrP og Høgre er ikkje engasjerte i lokalsjukehusa!

Kjersti Toppe skriv i Hardanger Folkeblad eit motsvar til ordførar John Opedal (H) om engasjementet for dei lokale sjukehusa.

 

"Blå helsepolitikk

Ordførar John Opdal (H) er både overraska og forbausa over at eg ikkje har registrert det lokale engasjementet i for sjukehuset i Odda. (Hardanger Folkeblad 21/8). Eg kan forsikra ordføraren om at det har eg sjølvsagt gjort. Særleg har Folkebevegelsen for lokalsjukehusa jobba godt for Odda, Senterpartiet har også vore klare, og Terje Kolbotn kjem ein ikkje utanom. Den tverrpolitiske semja med ordførar i spissen har  vore godt synleg.

 Mitt poeng var ikkje dette. Mitt poeng var at Høgre og FrP nasjonalt  ikkje har vist same interessa for Odda og andre lokalsjukehus, som dei til dømes har gjort for sjukehusa i hovudstadsregionen. I saka om Oslo Universitetssykehus har dei fremma eit uttal med saker for stortinget med krav om endringar. Det same engasjementet har vore fråverande for Odda sjukehus. Kvifor det, om dei er så ueinige med utviklinga?  Høgre har til dømes ikkje på Stortinget foreslått å vidareføra forsterka fødestover.  Eg har heller aldri høyrt Høgre på Stortinget ta til orde for å sikre framleis akutt kirurgi ved Odda Sjukehus. Det hjelper ikkje å klage og skulde på Regjeringa, om ikkje deira eige parti føl opp!

 John Opdal sitt innlegg er svar nummer 2 frå Høgre i denne saka. Også stortingskandidat Sigrud Hille har å skrive lesarinnlegg. Det mest oppsiktsvekkjande er at ingen av dei  svarar på sjølve saka – nemleg konsekvensen av Høgre sitt forslag om å innføra fritt behandlingsval. Det vil koste milliardar – pengar som må takast frå det offentlege helsevesen. Korleis dette skal styrke Odda sjukehus, får eg altså ikkje svar på. Men det er kanskje ikkje så rart, for det svaret finns ikkje.

 

Høgre må slutte å mumle, og ta ansvar for eigen helsepolitikk. Fritt behandlingsval er eit ekstremt privatiseringsforslag som vil tappe det offentlege helsevesen for ressursar. Når dei vil finansiere nye private sjukehus med offentlege helsepengar, vil det naturlegvis få konsekvensar. Lokalsjukehusa vil merke det fyrst. Odda vil ikkje vere noko unntak".

 

 

Kjersti Toppe, stortingsrepresentant og 1. kandidat til Stortinget,

Senterpartiet