Spørsmålet er korleis vi både kan dra nytte av veksten som grunnlag for det næringslivet vi har i dag samstudens som vi kan imøtekoma nytt næringsliv som ynskjer å freiste lykka i Bø. Dette betyr at den positive utviklinga som Bø er inne i vil gje oss utfordringar mht næringsutvikling, arealbruk, fortetting, miljø og trivsel. Dette er utfordringar som vi politikarar må ta eit overordna ansvar for å finne gode heilskaplege løysingar på.
Den positiv utviklinga i Bø har vore nær knytt opp til nærmiljø og stadutvikling. Plasseringa av høgskulen, kulturanlegget, Sønstebøtunet og Bøsenteret har vore viktige i denne samanheng. Bø senterparti meiner at vidareutvikling av noverande Bø sentrum er ein føresetnad for å få til eit triveleg og miljøvenleg sentrum for fastbuande og tilreisande. Bø Senterparti har såleis ikkje planer om å foreslå nokon endring av sentrumsgrensa, og vi ynskjer eit levande sentrum og vil nytte dei verkemiddel som er naudsynt for å oppnå dette. Dette betyr at vi ynskjer ei fornuftig styring av kor vi gjev anledning til å etablere ny verksemd for å hindre ei ineffektiv utbygging . Samstundes ynskjer vi å vera eit JA-parti som ønskjer nye verksemder velkommen, sidan næringsvekst er grunnlaget for ei fortsatt positiv utvikling for Bø.
Dette krev ei balansert utbygging og funksjonsfordeling mellom Bø sentrum, Grivijordet og Brenna industriområde. Bare særleg areal- og transportkrevjande verksemder bør bli etablert på Grivijordet, og Brenna bør reserverast for tyngre industri. Kunnskapsbasert verksemd bør lokaliserast til ”Campus Bø” med Høgskolen /Hellandtunet. Vi vil legge føringar for planarbeidet som skaper forutsigbarheit for både eksisterande næringsliv og nye verksemder.
Vi vil også bidra til at det vert lagt til rette for at grunneigarar i sentrum vert stimulera til samarbeid om ein felles arealbruk. Dette vil sikre målsettinga om eit fortsatt levande sentrum med plass for servicefunksjonar, detaljhandel og bustader med lett tilgang for både syklande, gåande og bilistar. Dette vil også støtte opp under ynskje om fortetting av sentrum utan at dette går ut over dynamikken og tilgjenge i sentrumsområdet.
På lengre sikt må ein finne ei betre løysing på gjennomgangstrafikken gjennom sentrum. Bø senterparti vil sette i gang prosessen med å finne ei løysing som bebuarar, trafikantar og lokalt næringsliv kan leve godt med.
Borgar Torbjørn Kaasa
1 kandidat
Bø Senterparti