Meny
Bli medlem

Bøker er meir enn butikk

Sist endret: 27.09.2020
Det handlar om kultur, verdiar, identitet, historie, fellesskap og språk. Den nye boklova sikrar eit mangfald av forfattarrøyster, og bokhandlar over heile landet, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg i dag fram forslag til ny boklov. Lova stadfestar mellom anna prinsippet om fastpris på nye bøker som har gjeldt i norsk bokbransje i mange år.
 
- Eg er glad me no får ei boklov som sikrar breidde, mangfald og kvalitet i norsk litteratur. Boklova vil sikre ei breidde av forfattarar, hindre for stor marknadsmakt i norsk bokbransje og sikre lesarane den kvaliteten dei fortener, seier Senterpartiets leiar Liv Signe Navarsete.
 
Lova vil vere obligatorisk for alle partar og inkludere e-bøker.
 
Senterpartiets kulturpolitiske talsperson Olov Grøtting seier Senterpartiet har vore spesielt opptatt av å sikre tilgang på norsk litteratur over heile landet.
 
- Bokhandelen har ein eigen verdi i lokalsamfunnet, han bidrar til eit samlingspunkt for folk og sikrar innbyggjarar over heile landet ei god breidde av og høg kvalitet på litteratur.
 
- Det har vore viktig for oss at me har komme fram til ei avtale som alle partane, både bokhandlarforeininga, forleggjarforeininga og forfattarforeininga er einige om. Det var svært viktig for oss å få på plass ei bokavtale også for e-bøker, og ei avtale som dei små bokhandlarane er nøgde med.