Meny
Bli medlem

Breiband til alle ? no!

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Fylkestinget handsama i dag, 19.04.16, breibandsstrategien til Sogn og Fjordane.

 

-Tilgang på raskt breiband er eit av dei viktigaste tiltaka for å sikre og auke busetnaden i fylket. Den digitale allemannsretten må gjerast gjeldande, og fylkeskommunen legg med denne planen føringar for kva rolle fylkeskommunen skal ta i det arbeidet.

-Den viktigaste tiltaket er likevel dei statlege tilskotsordningane for dei områda som ikkje er kommersielt utbyggbare. Her meiner vi at regjeringa ligg langt bak det som er behovet. SP foreslo i sitt statsbudsjett for 2016 210 millionar meir i tilskotsmidlar, seier Erlend Herstad (SP) i ein kommentar

 For Senterpartiet har det over lang tid vert viktig med breibands utbygging med det mål å sikre alle husstandar og næringsaktivitet tilgang på internett, det har og vert viktig for Senterpartiet at det skal vere lik kvalitet og hastigheit på nettet over heile landet og i heile fylket.

 Breibandstrategien 2016-2020 er eit verktøy for å komme nokon skritt vidare mot målet om full høg hastigheits internett dekning, opp og ned, på 100 mbit/s eller meir i heile fylket.

 For å påpeike noko konkret og viktig ved strategien er vi i Senterpartiet veldig fornøgde med at den slår fast at det berre er fiber som vil gje høg kapasitet ved både opplasting og nedlasting, for i Senterpartiet ynsjer vi primært fiber utbygging.

 

 Erlend Haugen Herstad

Fylkestingsprepresentat (Sp)