Meny
Bli medlem

- Budsjett med tydeleg Sp-stempel

Sist endret: 27.09.2020
- Fleire av Senterpartiets hjartesaker har fått topp prioritet i det raudgrøne framlegget til statsbudsjett for 2014, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete. Dette er eit budsjett for livskraft og utvikling i heile Noreg, seier Navarsete og peikar på samferdsleløft og veksten i kommuneøkonomien som dei største Sp-sigrane.

 

Kommunale tenester

Partileiaren kunne sjølv på morgonen presentere gladnyheita om at regjeringa vil gje kommunane heile 7,7 milliardar kroner meir til velferd og utvikling neste år. Veksten i samla inntekter er 1,2 milliardar kroner høgare enn den øvre grensa som blei varsla i Kommuneproposisjonen 2014, og 5,2 milliardar kroner kjem som frie inntekter.

 

- Innbyggarane er i stort nøgde med tenestene dei får. Dette framlegget gjev rom for ny vekst i kommunale tenester, seier Navarsete.

 

Samferdsle

På samferdslesida vil regjeringa for 2014 løyve til saman 41 mrd. kroner til formål innafor Nasjonal Transportplan. Det er ei auke på 7,5 mrd kroner samanlikna med saldert budsjett for 2013. Med regjeringa sitt framlegg vil løyvingane til jernbane og riksvegar ha auka med nær 90% sidan dei raudgrøne tok over i 2005.

 

- Eg er stolt over at Senterpartiet gjennom 8 år har gitt samferdsla eit varig løft. Marit Arnstad set med dette budsjettframlegget to strekar under den historiske utviklinga sektoren har hatt i denne perioden, seier Navarsete.

 

Matkornlager

Globale utfordringar med spesielle vertilhøve har ført til auka ustabilitet i det globale kornmarkedet. Nivåa på avlingane og kvaliteten på det norske matkornet har også vist auka ustabilitet dei siste åra og gjort Norge meir avhengig av import. For å gje auka tryggleik i forsyninga av matkorn til den norske marknaden gjer regjeringa framlegg om ei løyving på 5 mill. kroner til etablering  beredskapslagring av matkorn.

- Stadig fleire ser at matpolitikk også er beredskapspolitikk. Seinast i sommar var forsvarssjefen i media og peika på dette, minner Navarsete om.

 

Regjeringa har vidareutvikla sitt distriktspolitiske lyft gjennom heile regjeringsperioden. I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa å løyve 2,76 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte om lag 77 prosent av desse midlane.

 

Regjeringa vil også auke botnfrådraget i formuesskatten til 1  mill. kroner, samstundes som grunnlaget blir utvida. Med dette er delen innbyggarar som betaler formuesskatt meir enn halvert fra 33 pst i 2005 til 14 pst. i 2014.

- Dette er heilt i tråd med Senterpartiets program, slår ein nøgd partileiar fast.

 

Kultur og kyrkje

Navarsete peiker også på at regjeringa i dette framlegget når målsettingaom at 1 pst. av statsbudsjettet sine utgifter skal gå til kulturføremål. Ramma for kompensasjon for meirverdiavgift til frivillige organisasjonar blir auka med vel 250 mill. kroner til totalt 1200 mill. kroner.

 

Sp-leiaren nemner òg to tiltak knytt til Den norske kyrkja. - Eg er glad for at me auker tilskotet til diakonstillingar med 3 millioner kroner, og at me utvider ordninga med rentekompensasjon for istandsetting av kyrkjebygg med nye 500 millioner. Den samla investeringsramma som staten dekker renteutgiftene for, vil då ha kome opp i 3,85 milliarder kroner, seier Navarsete.