Meny
Bli medlem

Buplikt i distrikta- eller bulyst?

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Nissedal kommune har starta eit arbeid med å avklare kva me vil, buplikt eller ikkje. Formannskapet har ute på høyring fire ulike modellar som kommunestyret skal endeleg handsame før sommaren. Dei ytterleggåande løysingane er å fjerne all buplikt eller å ha o-konsesjon der det ikkje vert gjeve fritak for arv i familie. Derimellom ligg det enda to modellar ? buplikt som i dag der du får fritak om du arvar frå familie, eller buplikt i delar av kommunen medan du fjerner den i andre delar.

Nissedal kommune har starta eit arbeid med å avklare kva me vil, buplikt eller ikkje. Formannskapet har ute på høyring fire ulike modellar som kommunestyret skal endeleg handsame før sommaren.  Dei ytterleggåande løysingane er å fjerne all buplikt eller å ha o-konsesjon der det ikkje vert gjeve fritak for arv i familie. Derimellom ligg det enda to modellar – buplikt som i dag der du får fritak om du arvar frå familie, eller buplikt i delar av kommunen medan du fjerner den i andre delar.

Nissedal senterparti meiner det er eit distriktspolitisk virkemiddel som det lokale sjølvstyre skal ta stilling til om skal nyttast. Me meiner det er naudsynt for vår ommune å bruke o-konsesjon. Me ser det har hatt positiv effekt og vil vidareføre det. Me ser ikkje på det som buplikt, men bulyst! Som kommunepolitikarar er det viktig å vere langsiktig og forutsigbar. Derfor har me regulerte områder for heilårsbusetnad og fritidsbusetnad. Nissedal er ein flott kommune å ha som bukommune og å bu i som kommune nr.2!

Kommunestyregruppa Nissedal Senterparti, v Anne-Nora Oma Dahle - gruppeleiar