Meny
Bli medlem

By og omland i styrka samspel

Sist endret: 27.09.2020
Regional utvikling er avhengig av eit godt samspel mellom små og mellomstore byar og deira omland. - Eit mål for er å knyte næringslivet i sentra og omlandet betre saman, slik at større deler av regionen kan ta del i dynamikken i næringslivet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

 

Regional utvikling er avhengig av eit godt samspel mellom små og mellomstore byar og deira omland.

Vi er i dag vitne til djuptgåande endringar i næringsliv, arbeidsliv og demografi i heile landet. Dette vil prege utviklinga og leggje føringar på korleis det blir å bu i Noreg i framtida.

Små og mellomstore byar er viktige for arbeidsmarknaden og næringsutviklinga i sine respektive omland. Kunnskapsbasert verdiskaping og velfungerande arbeidsmarknader legg grunnlaget for velferdssamfunnet for framtidige generasjonar.

- Store delar av det mest globaliserte og eksportorienterte næringslivet finn vi i relativt små byregionar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Samstundes er det etterspurnad etter kompetanse i heile landet, også i dei små og mellomstore byane. Ein måte å styrkje rekrutteringa av arbeidskraft til næringslivet på og samstundes spreie veksten til eit større omland, er å legge til rette for auka samhandling mellom byane og områda omkring.

Kommunal- og regionaldepartementet har sett av 7,5 millionar kroner på budsjettet for 2013 til eit utviklingsprogram for å styrkje utviklingskrafta til slike byar. Slik vil departementet bidra til ei positiv utvikling i samspelet mellom små og mellomstore byar og deira omland. Dette gjeld stader med mellom 5000 og 50 000 innbyggjarar, lokalisert i heile landet. Stadene er ulike, både når det gjeld storleik, næringsstruktur, kompetansearbeidsplassar og innslag av utdanningsinstitusjonar.

- Eit mål for programmet er å knyte næringslivet i sentra og omlandet betre saman, slik at større deler av regionen kan ta del i dynamikken i næringslivet, seier statsråden.

Programmet skal utviklast i samarbeid med aktuelle byar, kommunar og fylkeskommunar, og verkemiddelaktørane. Første steg blir kunnskapsinnhenting om byane si rolle for næringsutviklinga og arbeidsmarknaden i omlandet, som grunnlag for tiltak og strategiar tilpassa den einskilde staden.