Bygd hus taktikk handlar om trongen til å raskt bruke mest mogleg kapital på meir eller mindre «naudsynte» investeringar, før ein mistar råderetten over denne kapitalen. Dette er ein taktikk forårsaka av skjebnetrua om at det vert kommunesamanslåing, og at det difor er betre å ha sett opp det bygget. Slik vert det i alle fall ikkje meir pengar att å ta frå bygda, og slik vert den «naudsynte» investeringa i alle fall realisert – sjølv om det eigentleg ikkje finnas god nok likviditet.
Bygd hus taktikk er ein farleg framgangsmåte. Senterpartiet vil ta aktiv styring, i staden for å lukke augene, bruke opp pengane og vente på kommunesamanslåing. Slik ser me til at ikkje heile «månadsløna» går med til avdrag og renter, men at det og finnas pengar til å drive gode tenester i kommunen.
Tor Peder Lohne
Ordførarkandidat, Senterpartiet