Meny

Dagens rovdyrnemder svekker folkestyret?

All forvaltning av rovdyr skal bygge pa? vitenskapelig og erfaringsbasert kunnskap. Videre skal det legges vekt pa? regional forvaltning, respekt for eiendomsretten, og enkeltmenneskers og lokalsamfunns livskvalitet.

Sentralstyremedlem i Venstre og miljøbyråd i Oslo Guri Melby, kjem med denne påstanden i OA den 5.september.

Ho undebygger denne påstanden dessverre med fleire faktafeil. Dette er det viktig å få korrigert så det ikkje får stå som ei sanning for ettertida.

Påstand 1.  "I nemdene sitter lokalpolitikarere som bestemmer hvor mange rovdyr som skal skytes". Fakta er at nemdene er valgt utifrå fylkestingene. Og nemdene har eit større saksområde enn berre "å bestemme hvor mange rovdyr som skal skytes"!

 Påstand nr 2 frå Melby er at nemdene i stadig større grad overkjører faglege råd og tøyer rammene for rovdyrforliket og at nemdene konsekvent høgdar kvotene for felling enn det som fagleg anbefalast.  

Nok ein feil. Om Melby tek seg tid til å lese møtereferatene frå nemdsmøtene vil ho sjå at det er unntaket og ikkje regelen at nemdene endrar lisenskvotene. 

 Ein påstand til frå Melby er at det i 2014 er drepe 11 ulver av den heilnorske ulvebestanden som er på under 40 dyr!  Nok ein feil! Om Melby tek seg tid til å gå inn på rovdata.no, (som er informasjonsportalen for overvåkingsdata av rovvilt og ligger under Norsk institutt for naturforskning), så vil ho finne ein artikkel frå 14.8.-14 om svenske ulvar som vandrar inn i Norge. Av 15 ulvar som er daude i Norge siste året, er 14 frå Sverige og kun ein frå norske revir.

 Så har Melby ein påstand om at nemdene sin praksis strider mot Stortingets rovdyrforlik, som seier at forvaltninga skal ta hensyn til både rovdyr og husdyr, og foregå på ein "bærekraftig  og økologisk  måte". Det står ingenting i forliket om at forvaltninga skal foregå på ein "bærekraftig og økologisk måte". Men eg har stor sans for at det vert vektlagt. Og eg kan gje Melby noko rett med tanke på at vi ikkje lykkast med det tosidige målet, men det er nok den motsatte meining enn Melby sin. For nemdene i Norge oppfyller bestandsmålet på ulv og jerv, på gaupe er vi litt under (mål 65, snitt siste 3 år 60). På bjørn er vi på 7 av 13 ynglingar.

Men det andre målet om å legge til rette for fortsatt næringsvirksomhet også i rovviltområder er vi langt unna å oppfylle. I alt vart det gjeve erstatning for 30 441 sau og lam tapt til rovdyr i Norge fjor. Dette er rundt 3 500 fleire dyr enn i 2012, og ei auking på 13 prosent. Og det er i Oppland at aukinga er størst, både i antal søknader og dyr det er søkt erstatning for. 

 Med Melby sin lettvinte omgang med fakta rundt rovviltforvaltninga så er det ho som svekker folkestyret og ikkje rovviltnemdene. I innleiinga til Stortingets rovviltforlik av 2011 står det 

"All forvaltning av rovdyr skal bygge pa? vitenskapelig og erfaringsbasert kunnskap. Videre skal det legges vekt pa? regional forvaltning, respekt for eiendomsretten, og enkeltmenneskers og lokalsamfunns livskvalitet."

 Det er her dei folkevalde sine vurderingar er viktig i forvaltninga både av rovvilt og samfunnet vårt elles.

 Eg vil invitere Guri Melby til neste rovviltnemdsmøte i region 3 den 23.oktober. Da har vi også møte med dei ulike etatar og organisasjonar som er involvert i rovviltforvaltninga i Oppland for å ha ein gjennomgang av årets beitesesong og drøfte tiltak for neste år.

Dette kan vera ein god start for å bygge seg kunnskap om eit område som Melby har så stor interesse for!

 Ivar Odnes 

Leiar i rovviltnemda i region 3