Meny
Bli medlem

Demokratisk styring av sjukehusa!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Sjukehusreformen var ein av dei råaste reformane i norsk politikk, sa stortingskandidat Beate Marie Dahl Eide i programdebatten.

 

Helse er ikkje butikk! Det har Senterpartiet alltid meint, og da må vi vedta eit program som er tydeleg på akkurat det!

Ein viktig ting manglar i programforslaget; vår tydelege kamp mot dei regionale helseforetaka! Heile tanken bak helseforetaka var New Public Managment, meir butikk inn i styringa av sjukehusa. Eller sagt på ein annan måte: målet var å fjerne sjukehusa frå lokal folkevalgt styring!

Innføringa av Sjukehusreformen er ein av dei råaste politiske prosessane som har vore i norsk forvaltning. Arbeiderpartiet bestemte seg! La fram ei stortingsmelding. Gjennomførte ei høyring i ekspressfart, for så å fullstendig ignorere innspela dei fekk der! Det var ikkje slik at det var eit folkekrav at staten skulle at over sjukehusa og organisere dei som ein organiserar aksjeselskap. Det var ein elitestyrt prosess, der ein fullstendig overkøyrde alle motkrefter. 

Fylkeskommunane blei ribba for 2/3 av budsjetta sine. Mange fylkespolitikarar synes nok det var behageleg å sleppe dei tøffe valga og fakkeltoga når tilbod var nedleggingstrua. Men, gode Senterpartivenner. Det å fjerne sjukehusa frå politisk styring var ein dårleg ide då, og det er ein like dårleg ide i dag!

Vi i Senterpartiet må vere tydelege på at også sjukehusa skal vere politisk styrte! Det er ei fallitterklæring å gje opp denne kampen! Det er ikkje likt Senterpartiet å gje seg når vi står aleine! Vi må ha tru på våre løysingar og kjempe for dei!

Det må bli stedlig leiing på sjukehusa. Vi må kvitte oss med dei regionale helseforetaka og få overført ansvaret for sjukehusa til regional folkevalgt eigarskap. Jo, det er nokon praktiske utfordringar, men godtfolk, vi må stå på det vi meinar er rett. Praktiske løysingar er vi i Senterpartiet kjent for å finne, og det skal vi gjere for styringa av sjukehusa også!