Meny
Bli medlem

Derfor må politiet vera nært

Sist endret: 27.09.2020
Det som skjer med politiet i desse dagar, vil endre kva slags politi vi har i landet vårt for all framtid. Senterpartiet ønskjer å bevare nærpolitiet, skriv Jenny Klinge i denne kronikken.

 

 

- Av Jenny Klinge, justilpolitisk talsperson i Senterpartiet

Det som skjer med politiet i desse dagar, vil endre kva slags politi vi har i landet vårt for all framtid. Senterpartiet ønskjer å bevare nærpolitiet, og var derfor mot den såkalla nærpolitireforma som regjeringa la fram og som stortingsfleirtalet vedtok i fjor. Politiske vedtak som inneber at det skal bli mange færre lensmannskontor er for lengst fatta. No er det heile opp til politimeistrane og Politidirektoratet. Dei skal finne ut på kva for lensmannskontor lyset skal sløkkast for siste gong neste år.

Årsaka til at det er grunn til å protestere kraftig på namnet «nærpolitireforma», er at avstandane vil bli mykje større mellom innbyggjarar og politi mange stader. Det vi får framover er eit politi som er meir på hjul, og som vi gjerne kan kalle meir av eit utrykkingspoliti. Kjernen er at vi går mot eit politi som er meir aksjonsretta enn det politiet vi kjenner i dag. Vi går meir bort frå det nære og førebyggjande, som lenge har vore ein heilt sentral  del av rolla til politiet i Noreg. Den nyttige lokalkunnskapen og den viktige kjennskapen mellom politiet og folk i lokalsamfunnet er noko som vil gå tapt. Vi må derfor spørje oss sjølv om vi er på rett veg.

Politireforma vil nok betre dei operative evnene til politiet i byar og tettstader, men langt i frå alle bur i desse områda. Noreg treng eit nærpoliti som er busett og arbeider der folk held til, og som sørgjer for den viktige kontakten mellom politifolk og innbyggjarane. Sjølv om den harde beredskapen er viktig å ha, så må vi ikkje la eit slikt fokus få oss til å gløyme kor viktig det førebyggjande arbeidet til politiet er. Det er den fornuftige balansen mellom det harde og det mjuke som kjenneteiknar norsk politi.

Vi må heller ikkje undervurdere det at politiet får tilgang til viktig informasjon gjennom å møte folk og byggje relasjonar. Synlege politifolk som bur og arbeider i lokalsamfunna har ein førebyggjande effekt i seg sjølv, og terskelen er lågare for å melde frå til det lokale politiet som ein kjenner og har tillit til, enn ein operasjonssentral langt borte. Samarbeidet mellom politiet, barnevern, psykiatri, skular og idrettslag er heilt sentralt for å kartleggje til dømes ungdom som står i fare for å utvikle rusmisbruk eller skli ut på ein kriminell løpebane. Det seier seg sjølv at det ikkje er nok berre å dukke opp når skaden har skjedd.  God lokalkunnskap kan i tillegg sørgje for at politiet ikkje brukar unødvendig mykje ressursar - for ikkje å snakke om unødvendig mykje makt – når dei løyser oppdraga sine.

Det finst mange døme på at lokalkunnskap har vore heilt avgjerande for at naudetatane har klart å takle ulike situasjonar. Dette har vist seg fleire gonger, anten det har dreidd seg om logistikk for å komme seg raskast mogleg fram til ei hending, eller om spørsmålet har vore korleis ein skulle få vidareformidla beskjedar til dei som er råka. Eit døme på det siste var den gongen det braut ut brann ein stad i Buskerud og ein måtte få gitt melding til ei 96 år gammal dame som budde i nærleiken. Naudetatane valde då å ta kontakt med bror hennar, slik at dei kunne vere sikre på at meldinga vart motteken og forstått. Å kunne setje i verk slike enkle, men effektive grep, krev at ein kjenner til kven som held til i eit område og ikkje minst kven som kan trenge ekstra hjelp om det skjer noko.

Regjeringa og politibyråkratane i Oslo ser ut for å ha ei blind tru på at politireforma er løysinga for norsk politi. Eg er langt frå overtydd om at sentralisering skal løyse dei utfordringane politiet i dag står overfor. Gjørv-kommisjonen, som vart sett ned etter 22. juli-terroren, peika på kultur og leiing i politietaten som noko av det viktigaste som ein måtte gripe fatt i. Ei sentraliserande strukturreform er ikkje svaret på dette. Det er heller ikkje slik at dei største einingane gjer det best kva gjeld kultur og leiing. Dei nylege varslarsakene i bergenspolitiet er eit godt døme på dette. Politireforma gir nok inntrykk av handlekraft, men tener samtidig til å tilsløre dei faktiske problema som finst. 

Eg er – akkurat som leiarane i politiforbunda i Norden - uroa for at Noreg er i ferd med å gjera same feilen som våre naboland. Forbundsleiarane skreiv nyleg ein felles kronikk i Aftenposten der dei åtvara mot utviklinga i politiet i Noreg. Til dømes i Danmark har sentraliseringsreforma ført til ei svekking av befolkninga sin tillit til politiet. Sverige hadde dei same målsettingane som Noreg då dei gjennomførte ei politireform for to år sidan. Dei skulle få eit meir effektivt og avbyråkratisert politi, men resultatet vart i staden eit veksande byråkrati, mindre synleg politi og store problem med å handtere kriminaliteten. Kvifor skal vi gå i same fella? Vi burde heller lære av våre naboar. Og det er enno ikkje for seint å snu.

Senterpartiet meiner at vi sørgjer best for ei god polititeneste ved å styrke dei lokale lensmannskontora. Vi må prioritere å bruke midlar på tilsettingar i politidistrikta, på oppdatert materiell og utstyr, og i det heile tatt sikre at lensmannskontora har nok ressursar til å utføre viktige samfunnsoppgåver. Vi har ikkje råd til å byggje ned desse polititenestene i store delar av landet.