Meny

Det er givande å vere Senterpartist!

- Det er givande å vere Senterpartist, slo fylkesleiar Anne-Nora Oma Dahle fast frå landsmøtets talarstol.

Å vere politisk aktiv er å vere tilstades i eige liv. Men det er så mykje meir. Det er å sjå bygda mi - kommunen min - regionen min - heile landet. Det er å sjå SP-politikk i praksis! Alt henger saman med alt! Den viktigaste ressursen er du og eg! At du er begeistra og engasjert. Og i botnen ligg ideologien vår!

SP sitt kjenneteikn er dei tillitsvalgte som kvar dag arbeider for Sp. Det er typisk Sp å ha dyktige folk på alle nivå og at me har kortreist kontakt mellom lokalpolitikken og sentrale folk. Styrken er kor sterkt me verdset det lokale engasjementet. 

Programmet vårt har vært ute i heile organisasjonen på høyring. Heile landet har satt sitt preg på innhaldet. Me har hatt ein dyktig komite som har utforma eit grunnlagsdokument. No skal me male Soria Moria III enda grønnare!

Eg seier ikkje at det ikkje er krevande. Men det er givande å vere senterpartist! Dei mange talestolane me har lokalt, regionalt og sentralt vert viktige fram mot 9.september! Det som fryder meg er at desse talestolane har vært i aktiv bruk heile 4års perioden. Sp er ikkje synleg kun ein månad eller to før eit val. Me arbeider hardt i kvardagen til folk alle dagane i året.

Gjennom god planlegging og fordeling har me sikra oss verdas beste land å bu i. Det gir meining i å engasjere seg. Det gjer ein forskjell om det er ei raudgrønn eller ei blåblå regjering som styrer og sit med makta.  Utjamnings- og fordelingspolitikk har ført til vekst i HEILE landet. Sp har lang og god erfaring med å vere med å utøve makt. Vår politikk er synleg på det Noreg me har i dag. Derfor er programmet me vedtar i dag så viktig. Det er plattforma me ber velgarane om å støtte og som vert utgangspunkt for nye regjeringsforhandlinger.

Sp=bygderørsla. Ap =arbeidarrørsla. SV = miljø- og solidaritetsrørsla. Når dei raudgrønne mobiliserer til valkamp vil det vere store befolkningsgrupper som har stor interesse av å vidareføre den raudgrønne regjeringa!