- Det er mykje som står på spel måndag! Kva er det som gjer at vi er så glade i landet vårt? At det bor folk og vert skapt verdiar i heile landet - frå Agder til Kirkenes, sa Senterpartileiar Liv Signe Navarsete i sin avslutningsappell på TV 2s partileiardebatt.
Senterpartileiar Liv Signe Navarsetes avslutningsappell på TV 2s partileiardebatt laurdag 7. september:
Det er mykje som står på spel måndag!
Kva er det som gjer at vi er så glade i landet vårt?
At det bor folk og vert skapt verdiar i heile landet - frå Agder til Kirkenes
At det er lys i vindauga og ungar på leikeplassane – BÅDE i byen og i bygdene.
At du får hjelp når ulukka er ute, same kvar du bur, eller kor stor lommeboka er.
At ungen din har det bra i barnehagen og skulen og at foreldra dine får god omsorg.
Den norske maten: Trygg. Rein. Kortreist. At jorda vert dyrka og kulturlandskapen halden i hevd.
At du har noko å seie i eigen kommune; Ja, at mange av oss faktisk kan banka på døra til ordføraren.
At me styrer vårt eige land.
Det er viktige verdiar som står på spel på måndag.