Meny
Bli medlem

Det gode nærmiljøet

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Under Senterpartiets landsmøte i Haugesund hadde Birgit Johanne Kovajord Olsnes innlegg - Vi har i dag ei oppleæringslov som slår fast at kommunen pliktar å gi tilbod om SFO før og etter skoletid. Det skal leggjast til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå oginteresser hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet»

Likevel er det ingen faginstans som utarbeider sakkunnig vurdering for ressursbruk eller bemanning i sfo slik regelverket er for skule og barnehage. Det er difor opp til kvar einskild kommune å avgjere kor stor ekstraressurs dei vil/kan nytte på born med særskilde behov i det som gjeld SFO. Det vil seie at det er svært ulik praksis frå kommune til kommune, og det er foreldra sjølve som må gå i dialog med kommunen og søkje om ekstraressurs. Dette er eit meirarbeid for foreldre som frå før har ei ekstra belasting i kvardagen.

 Det er ingen plikt å gå på SFO-difor ikkje same krav til bemanning og tilrettelegging som i barnehagen og grunnskulen.

Det er ikkje vanskeleg å finne døme på barn med både fysiske og psykiske utviklingshmmingar som har opp mot full assistentressurs i barnehagen og/eller i skuletida, men som ikkje har ekstraressurs i SFO-tida....Men det er ikkje slik at diagnosen kan slåast av ved skuleslutt!

SFO er ein del av fritida, ja, men vi har eit system som gjer at dei fleste barn får litt organiserte aktivitetar i den tida som er frå skuleslutt til foreldre kjem heim frå jobb. For nettopp desse ungane eg har nevnt er kanskje fritida også ei einsam tid samanlikna med andre ungar. Desse ungane kan kanskje ikkje vere med på fotballaget, i skigruppe, på balletten eller i korpset. Då blir SFO-tida ekstra viktig. Venskap og eit sosialt liv er like viktig for ein som er lam, har svekka motorikk eller som strevar på andre område. Difor er det heilt urimeleg at SFO-tida også blir ein arena der dei fell utanfor. Det er heller ikkje rimeleg at ein unge skal få ekstra ressurs i sin kommune, men ungen i nabokommunen får det ikkje fordi kommunen vurderer det som unødvendig eller som ikkje ser seg i stand til å betale for ekstraressursen.

Konsekvensen av ordninga slik ho er i dag er at nokre foreldre må gå reduserte stillingar og at barna fell utanfor fellesskapet. Det er ikkje samfunnsøkonomisk i det lange løpet. Dette handlar om menneskeverd, om å ha gode nærmiljø å vekse opp i for alle  over heile landet og er difor god Senterpartipolitikk.  

Telemark Senterparti vil at alle barn med særskilte behov skal ha ein automatisk rett på lik assistentressurs i skulefritidsordninga som dei har i skuletida. Dette vil sikre at alle i praksis har like moglegheiter til å nytte skulefritidsordninga uavhengig av kvar ein bur i landet.