Meny

Det ingen skulle tru nokon måtte høyre..

Korleis kan det vere mogleg å ha rett, men likevel ta så fullstendig feil? Henning Warloe har i ein kronikk i BT på nett 4. januar gjort eit forsøk på å byggje opp under den blåblå regjeringa sitt framstøt for å revolusjonere kommunestrukturen i Noreg.

Det går aldeles gale av garde. Eg lurte lengje på om eg i det heile tatt skulle la Warloe si lettvinte analyse segle sin eigen sjø på etterdønningane av julefreden. Eg kom imidlertid fram til at folk over det ganske land fortener noko anna enn å bli stempla som utfornuftige kostnadspostar på storsamfunnet sitt budsjett.

Isolert sett har Warloe rett i mykje han skriv. Det er ikkje slik at folk aller helst ikkje vil bu i by. I vårt land bur heldigvis folk der dei stort sett vil fordi vi ynskjer at folk skal ha fridom til det.  Ein skal heller ikkje blåse av at nær halvparten av landets befolkning bur i dei ti største byane i Noreg og det er ikkje langt unna at 80 % av landets befolkning bur i eit belte langs norskekysten frå svenskegrensa til Russland, men der stoggar vel i all hovudsak det som er å finna av korrekte påstandar.

Det eg ikkje klarer å forstå, er kva som gjer at vi som har valt å ikkje bu i desse ti største kommunane våre skal vera til slik ei byrde for resten av landet. Sjølv er eg lokalpolitikar for Senterpartiet i Gloppen. Ein middelstor kommune med opp under 6000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane. Ein kommune som historisk sett har henta store delar av sine inntekter frå kraftproduksjon,  med bedrifter som mellom anna lever båtar til ein internasjonal marknad og eit meieri som produserer 11 000 tonn Norvegia, ein del meir ost enn vi greier å ete opp sjølv.

Henning Warloe skriv: «Folk på de ytterste utposter forlanger samme priser på strøm, samferdsel, bensin og matvarer som i tettbygde strøk, til tross for at kostnadene til fremføring og distribusjon er mye høyere.»

Kvar i all verden kjem desse varene frå i utgangspunktet? Kvar hentar Oslo energi, Hafslund og BKK krafta frå? Kvar vert maten produsert? Kvar vert bensin raffinert? Kvar vert olje og gass ført i land? Og ikkje minst korleis skulle vi få distribuert dette utan ein infrastruktur som gjer det mogleg å produsere desse varene, og til slutt få dei ut til resten av landet. For nokon som såg verdien i å fyre opp under den kunstige konflikta mellom by og land kunne det naturlegvis vere på sin plass å spørje følgjande. Kvifor skal vi i små kommunar no få auka nettleiga for å levere straum til innbyggjarane i Oslo? Kvifor skal bensinen vera dyrare utanfor Mongstad enn i Oslo? Men det skal vi naturlegvis halde oss for gode for.

Warloe meiner den norske distriktspolitikken har vore feilslått og at storsamfunnet ikkje bør drive med omstillingstiltak for små lokalsamfunn. Kvifor skal ikkje storsamfunnet stille opp for eit lokalsamfunn som mistar 10-15 prosent av arbeidsplassane over natta? Eit samfunn som har levert store verdiar til det same storsamfunnet gjennom generasjonar? For meg handlar det om solidaritet og om det å ta eit ansvar for dei menneska som befinn seg bak Warloe sine befolkningstal som han meiner er ein ubetydeleg størrelse. Naturressursane som Noreg tener gode pengar på må framleis takast ut, foredlast og eksporterast for å skape verdiar. Olja må opp og i land, fossar må framleis gjerast til elektrisk lys i Bergen og kua må framleis ha gras for å produsere mjøl k som vert til ost.
Så er det då slik at så lenge vi driv å byggjer ned all matjord rundt våre store byar, må maten framleis produserast «langt inne og høgt oppe» for å nytte Warloe sine eigne ord.

Når Warloe i det heile tatt stiller spørsmål ved om det skal vere slik at folk skal ha rett til å kunne føle seg trygge når dei ferdast på vegane der dei bur, er det eit spørsmål som talar for seg sjølv. Kor mange skal bu langs vegen eller kor mange trailera med varer skal køyre for at Warloe meiner det kan forsvarast å bruke pengar på rassikring og vedlikehald? Satsing på samferdsle må kunne sjåast på under eitt, og vi må slutte å til stadighet å setje kva det no måtte vera av prosjekt rundt om i landet opp mot kva ein skulle, burde eller kunne fått til ein anna stad. Eg ser at den største utfordringa i mitt fylke når det kjem til veg og vegbygging, er at det står ein million og ventar på tog, buss og trikk som ikkje går kvar einaste dag og at  vi har infrastruktur som på det nærmaste bryt saman to gongar for dag måndag til fredag nær heile året i våre største byar. Det bør ikkje vere noko motsetnad mellom å få pendlartrafikken i Stor-Oslo til å fungere og å halde vegar opne og trygge i distrikta.

Henning Warloe sitt innlegg kokar ned til å tvangssamanslå kommunar og om eg tolkar han rett; tvangsflytte innbyggarar som ikkje veit sitt eige og storsamfunnets beste då dei kostar oss for mykje. Vi bør ha kommunar med eit innbyggartal som kan målast med ein middels stor norsk by slik at kommunar kan administrerast meir rasjonelt utan å måtte ta omsyn til tullingar som bur i utkantane. Lokal medråderett er eit hinder på vegen som ikkje bør vere noko å ta omsyn til. Eg kan opplyse Warloe om at avstandane mellom lokalsamfunna framleis vert like store og naturressursane framleis vil ligge der dei ligg. Om du då ikkje og tek til orde for tvangsflytting av folk, noko som vil vere eit stort inngrep i folk sin fridom og sjølvbestemmelsesrett. Og det ynskjer du vel ikkje, Warloe?

 

Leidulf Gloppestad
Kommunestyrepolitikar for Senterpartiet i Gloppen