Meny
Bli medlem

Det siste kommunevalet?

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
Årets kommuneval kan for mange innbyggjarar i Hordaland bli det siste kommunevalet i eigen kommune, dersom Regjeringa får det som de vil. Men dei færraste av regjeringspartia sine ordførarkandidatar seier kva dei vil med eigen kommune. Dei vil ha folk sine stemmer, og i ettertid bruke den politiske makta til ein kommunesamanslåing. Samtidig vil dei ikkje forplikte seg til å gjennomføre folkeavstemmingar eller at kommunesamanslåing skal vere frivillig.

Kommunar og kommunalt sjølvstyre blei kjempa fram av bondeopposisjonen på Stortinget ved innføring av Formannskapslovene i 1837. Oppretting av kommunar  handla om å overføre makt frå stat og embetsfolk, til folkestyre i kommunane. Representantane for embetsstanden var sjølvsagt i mot denne desentraliseringa, som Formannskapslovene la grunnlag for. 

Dei som er sterkast for dagens kommunesentralisering, representerer dei same interessene som var i mot maktoverføring til kommunane for snart 200 år sidan. Unntaket er sjølvsagt dagens Venstre, som har kutta banda til sine historiske røter. Det progressive, historiske Venstre, vert i dag representert av Senterpartiet. 

Kommunar har i dag tre hovudoppgåver. For det første skal dei levere gode velferdstenester, skule og helse, under ulike forhold i heile landet. For det andre har dei ansvaret for lokalsamfunnsutviklinga. For det tredje – og etter mitt syn det viktigaste - er dei sjølve basisen i vårt folkestyre, der innbyggjarane tar ansvar gjennom å delta i folkevalde styrer, råd og utval.

Kommunane sine verkemidlar for å gjennomføre desse oppgåvene, er eigne pengar, dyktige fagfolk og vedtakskompetanse etter norsk lov.   Verkemidla utgjer i sum ein formidabel ressurs og maktfaktor som kan brukast for å desentralisere Norge. Kommunereforma handlar om det motsette, sentralisering av makt og dermed sentralisering av Norge.

NRK sine valsendingar i Hordaland har fått fram at mange parti meiner det kan vere greitt  å bli del av ein  storkommune, om berre tenestetilbodet «vert oppretthaldt». Men kva  er dette for puslete visjonar på vegne av eigne innbyggjarar? Skal det ikkje verte betre skule og eldreomsorg? Skal det ikkje bli betre næringsutvikling?! At ein seriøst skal utreie om kommunar som Vaksdal, Osterøy, Samnanger , Os, Austevoll, Fusa, Fjell og Sund skal bli bydelar i  Bergen storby, er ikkje til å tru. Nokre få storkommunar i Hordaland betyr maktsentralisering og radering av folkestyret.

For kommunereform betyr sentralisering av makt. Derfor har Høgre store problem med å forklare innhaldet, hensikta og resultatet av si eiga flaggsak. Med regjeringas kommunereform vert det lettare å sentralisere næringsaktivitet, busetting, og ikkje minst; sette bort helse – og omsorgsoppgåver til aksjeselskap med eigarar i skatteparadis.

Senterpartiets argumentasjon for desentralisering og folkestyre har brei oppslutning langt inn i andre parti sine rekker.   Ved større oppslutning om Senterpartiet ved dette kommunevalet, vil det bli vanskeligare for sentralistane i blant anna Arbeiderpartiet, H, Venstre og FrP å ikkje ta omsyn til desse verdiane. Berre slik kan vi slå tilbake mot Regjeringa sitt angrep på den norske folkestyretradisjonen frå Formannskapslovene av 1837.

Du har valet.