Meny
Bli medlem

Diagnosehysteri

Sist endret: 27.09.2020
Når over halvparten av dei nyfødde i vest angiveleg lir av næringsvanskar, vitnar det om eit sjukt diagnosesystem, ikkje sjuke ungar, skriv Kjersti Toppe.

Kronikk av Kjersti Toppe, fyrste nestleiar, Helse- og omsorgskomiteen
Bergens Tidende 24.07.13

I 2013 blei seksti prosent av nyfødde på Haukeland universitetssjukehus diagnostisert for ernæringsvanskar. Ved Oslosjukehusa fekk berre 0,5 prosent same diagnosen. Men eg nektar å tru at nyfødde vestlendingar er mykje dårlegare til å ta til seg føde enn nyfødde austlendingar.

At diagnosekoden P92 utløyser 12.000 kroner i betaling mot 6000 kroner for spedbarn utan slik diagnose, er eit faktum. Når over halvparten av dei nyfødde i vest får diagnosekoden P92, problem med næringsinntak hos nyfødt, vitnar det om eit sjukt diagnosesystem, ikkje sjuke ungar. Kor tid blei gulping og problem med brysternæring hos daggamle babyar, ein diagnose? Det er jo ein realitet! Dei fyrste levedøgna strevar vel dei fleste med ernæringa, nokon meir og nokon mindre. Det er nødvendig, naturleg og er langt ifrå nokon sjukdom.

Bevisst overdiagnotisering

Liggjetida frå fødsel til heimreise på Kvinneklikken ved Haukeland universitetssjukehus er no berre 48 timar. I løpet av den tida må legane vurdere om ernæringa faktisk er problematisk, eller ikkje. Men det tar som kjent lengre tid enn 48 timar før amminga kjem godt i gang. Klinikkoverjordmor Gabrielsen opplyste i Dagsnytt 18 den 16.07. at mødrer med born som får diagnosen P92, får bli nokon ekstra dagar på barselavdelinga. Men det er ein uakseptabel medisinsk praksis om Haukeland universitetssjukehus finansierer ekstra liggjedøgn for barselkvinner ved å setje diagnosar på friske ungar. Bevisst overdiagnostisering skal helsevesenet ikkje halde på med. Men kodesystemet inviterer no ikkje berre private sjukehus, men også offentlege sjukehus, til å vere pådrivarar for å sjukeliggjere normale tilstandar.

Ein lei tendens

For all del: Aktiv diagnosesetting er ikkje unikt for barselkvinner og nyfødde. Det er ein tendens i heile helsevesenet og elles i samfunnet. Vi set til og med diagnosar på oss sjølve, heilt frivillig, for slik å understreke alvoret med dei normale plagene vi har. Vi er ikkje lengre forkjølt, men har influensa. Vi har migrene, ikkje hovudpine. Vi har halsbetennelse, ikkje sår hals. Vi er deprimerte, ikkje lei oss. Dei eldre er demente, har ikkje dårleg hugs. Spedbarn har kolikk, ikkje vondt i magen. Vi er dehydrerte, ikkje tørste. Bestemor, som her kunne gitt gode råd av sin livserfaring, er langt borte. Vi er blitt eit diagnoseelskande folk, og eit helsevesen som diagnostiserer det normale møter liten motstand. Ein diagnose er god å ha for å vise arbeidsgivar, forsikringsselskap, familie og naboar.

Men saka om dei overdiagnostiserte nyfødde vestlendingane handlar ikkje om sjukdom. Den handlar sjølvsagt om sjukehusøkonomi. Den er ein konsekvens av den marknadsetterliknande måten vi styrer, organiserer og finansierer sjukehusa våre på. Kvar pasient og kvar behandling skal prisast, og diagnosekodane er nøkkelen for dette. Dei medisinske diagnosane, som tidlegare var eit verktøy for legane i pasientarbeidet, er no hamna på bordet til sjukehusleiinga der profesjonelle diagnosekodarar og sjukehusøkonomar vurderer dei som klingande mynt. Sjukehusa har sjølvsagt stort fokus på diagnosesetting. Ikkje for å sikre rett behandling. Men no for å sikre rett betaling.

Sjukehusa premieres

Utviklinga er feil. Men ansvaret er politisk. Stortinget har akseptert ei utvikling der sjukehusøkonomien blir direkte påverka av stykkpris på pasientar og dermed av kva diagnosar og type behandling pasientane får. Med innføring av bestillar-utførarmodell, innsatsstyrt finansiering (ISF) og Diagnose Relaterte Grupper (DRG) blir alle pasientar og pasientbehandlingar kategorisert, samanlikna og nøyaktig koda og prisa. Evalueringar av innsatsstyrt finansiering viser at den har hatt innverknad på medisinske avgjerder heilt ned på avdelingsnivå, altså overfor den einskilde pasient. Dette var aldri hensikta med inntektsmodellen. Men ingen kan vere overraska over at dette er resultatet. Den blåblå regjeringa har, med KrF og Venstre si velsigning, no auka graden av slik innsatsstyrt finansiering til å utgjere heile 50 prosent av inntektene til sjukehusa. Dermed blir diagnosekoding i tida framover enno viktigare enn før.

I eit slikt system er det lett for at både nyfødde og andre innlagde får diagnosar dei ikkje treng. For sjukehusa blir premierte dersom dei utfører bestemte prosedyrar og brukar dei mest avanserte diagnosane, som er dei mest inntektsbringande. Sånn er det berre. Til dømes lønner det seg å bruke diagnosen respirasjonssvikt eller sepsis (blodforgifting) på pasientar innlagt med lungebetennelse. Diagnosekode lungebetennelse er nemleg dårleg butikk, og legar vert hyppig minna på dette av diagnosekodarane. Det lønner seg også om pasientar innlagt med skader får diagnosen «multitraume» (alvorlege skader). Nyfødde med diagnose ernæringsvanskar gir også pengar i kassa. At det kvart einaste år kjem fram saker om at norske sjukehus juksar med bestemte diagnosar for å betre pasientbetalinga, bør ikkje overraske. Systemet inviterer til det.

Bør rammefinansierast

I helsevesenet er det oppretta eit eige utval, Avrekningsutvalet, som skal kontrollere nettopp dette og sjå til at diagnosar blir brukt rett. Utvalet vil no ha forklaring på Haukeland universitetssjukehus sin bruk av diagnosekode P92. Helsedirektoratet har på den bakgrunn starta ein gjennomgang av kodepraksisen på alle barselavdelingane. Gulping hos nyfødde vestlendingar blir altså sak i Avrekningsutvalet og fører til ein gjennomgang i Helsedirektoratet. Men kva er dette eigentleg for eit system? Statsminister Erna Solberg vil forenkle Norge. Regjeringa burde starte med helsevesenet. Men det kjem dei ikkje til å gjere. Tvert i mot. Dagens system er ein føresetnad når regjeringa skal leggje til rette for fritt behandlingsval ved alle private sjukehus i Norge eller i EØS- området.

Dyktige fagfolk må få bruke arbeidstida si på pasientane og sikre god behandling. Ikkje på å leike sjukehusbutikk, der barselkvinner og nyfødde stykkprisast, med tilhøyrande byråkrati, koding og rapportering. Innsatsstyrt finansiering bør derfor avvikas, ikkje aukast slik regjeringa legg opp til. Diagnosesystemet må ikkje koplast direkte mot inntening. Ein må prioritere pasientar med størst behov, ikkje dei som lønner seg mest. Sjukehusa bør derfor rammefinansierast. Berre slik vil ein sikre at pengane ikkje blir styrt av diagnosar, og at diagnosar ikkje blir styrt av pengar.

Les kronikken i Bergens Tidende her.