Meny
Bli medlem

Distrikta under press

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Sentralisering er ikkje noko nytt, men under den blå blå regjeringa har vi siste 2 åra opplevd at distrikta for alvor er sett under press. Den eine sentraliseringsreforma avløyser den andre. Om det gjeld kommunestruktur, sjukehus, nødsentralar, høgskular, landbruk, politi, skatteoppkreving, osv er omkvedet det same: Alt skal bli så mykje betre berre vi kan slå saman, lage «robuste» einingar og flytte til sentrale strøk. Ikkje det at anna organisering ikkje skal vurderast, men det er den lettvinte trua på at stort automatisk er best og mest effektivt som uroar meg.

 

For bedriftsøkonomiske prinsipp kan ikkje alltid leggast til grunn for offentlege velferdstenestar. Gong på gong erfarer vi at stordriftsfordelane sjeldan er større enn smådriftsfordelane. Problemet er at smådriftsfordelane er vanskeleg å fanga opp i dei økonomiske berekningsmodellane som blir bruka. Sentraliseringspolitikarane snakkar lite om sentraliseringskostnadane. Det er ein kostnad når etatane sin lokalkunnskap og nærleik blir svekka, når lokaldemokratiet blir svekka og avstandane lenger. Og omorganisering i seg sjølv inneber kostnad. Og når nokon får dårlegare tilbod vil det fort generere nye samfunnskostnader.  

Spørsmålet blir, kven skal betale sentraliseringskostnaden ? Er det dei unge som står i bustadkø i Oslo og blir flådd av skyhøge bukostnader. Eller er det dei som må sitte timesvis i kø for å koma til barnehage og arbeid. Eller er det distrikta som mister ungdom og må leggje ned  og redusere lokale tenestetilbod.  Her blir det mange taparar. Det er eit tankekors når kompetansearbeids-plassar blir lagt i distriktsetatane og det samstundes dagleg aukar med ca 10 stillingar i direktorat og statleg sentraladministrasjon.

Det bør blinke eit varselljos når Oslo er den hovudstaden i Europa som no veks fortast. I fjor auka Oslo befolkninga med 2,2% og vil med bakgrunn i SSB sine tal passere 1 mill før 2040. Det er med god grunn finansbyråden i Oslo hever pekefingeren og minnar om dei store utfordringane han ser fordi utgiftene til å bygge ut skular, sjukeheimar, barnehagar, kollektivtrafikk og annan infrastruktur vil vekse meir enn Oslo sine inntekter. – Det kan ikkje vere særleg samfunnsøkonomisk lurt at infrastruktur og kapasitet blir liggande ledig ute i distrikta og tilsvarande må byggast dyrt opp i sentrale strøk

Sentralisering skjer både på nasjonalt nivå og lokalt nivå. Som senterpartimann ynskjer eg å vere med snu denne trenden. Vi ynskjer ei oppgradering av distriktspolitikken. Velferdstenestane må vere nære folket og etatane må ha god lokalkunnskap. Vi vil ha levande bygder og ljos i alle glas. Telemark er summen av mange lokalsamfunn. Skal Telemark vere levande må også lokalsamfunna og kommunane ha god livskraft. Sentralisering er ikkje svaret på dei utfordringane.

                                                                       Henry Mæland, ordførarkandidat Seljord SP