Meny

Drøfta beredskap i Valdres

Sist endret: 16 03 2017
- Vi må stille større krav til responstid for statlege naudetatar som politi og ambulanse. No er det blitt vanleg at det er det kommunale brannvesenet som kjem fyrst fram til ulukkesstaden, sa Bengt Fasteraune då han besøkte brannstasjonen på Fagernes denne veka.

- Eg synest at det er heilt ubegripeleg at politiet ikkje blir målt på responstid. Sidan politiet ofte dukkar opp ei stund etter brannvesenet, så er brannkorpsa ein ressurs som må lyftast skikkeleg fram. Det er også viktig å sjå dei ulike naudetatane i samanheng. Nå pågår det endringsprosessar for alle dei store naudetatane, og ingenting blir sett i samanheng.

– Det kan vi ikkje godta sa Fasteraune. - Vi må krevje at tryggleiken til innbyggjarane blir ivareteke, same kvar dei bur i landet.  

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, var også til stades og fortalde om kor viktig det var at både brannvesen, sjukehustenester og politi fungerte då katastrofa ramma Lærdal.

– Svært mange dyktige enkeltpersonar med erfaring og kompetanse sørgja for at innbyggjarane i Lærdal blei evakuerte og at brannen til slutt vart sløkt.