Meny
Bli medlem

E39 - indre trase

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
Liv Signe Navarsete sette i gang arbeidet med KVU (konseptutgreiing) for ferjefri E39. Hordaland Senterparti ber samferdsleminister Marit Arnstad og regjeringa gå for den indre ferjefrie traseen for E39 Aksdal-Bergen. Denne traseen gjev vekst og utvikling i større delar av fylket, best miljøløysingar, mindre usikkerheit om kostnad og teknologi, og derfor raskare realisering.

Det er urovekkjande at Statens Vegvesen ved å bestilla tilleggsrapport til eksisterande KVU på eigen kjøl køyrer omkamp mot politiske vedtak som er fatta. Tilleggsrapporten fyller ikkje vanlege kvalitetskrav til utgreiingar. Statens vegvesen går inn for at vegen bør gå med bru over Bjørnefjorden. Eit kvarter kortare reisetid Stord - Bergen er hovudargumentet for valet. Hordaland Sp stilller seg spørjande til at denne føremonen skal trumfa alle andre argument, særleg når også indre trase meir enn halverer reisetida på distansen. Argumenta for den indre traseen er dei same som før:

  • Byggjer på kjent teknologi, vil gje minst overrasking i prosessen, og lågare investeringar
  • Utvidar Bergensregionen mot søraust med store område for næring og busetnad, og knyter midtre og indre Hordaland tettare saman med Bergensregionen
  • Gjev god tilkopling til E134 over Haukeli
  • Gjev gode løysingar nord-sør utanom den allereie miljøbelasta Bergensdalen
  • Unngår rasering av skjergarden i Bjørnefjordbassenget

Uvissa ved økonomi, teknologi og framdrift vil saman med den sterke folkelege motstanden mot midtre alternativ vera ei gåvepakke til dei som vil omprioritera samferdslemidlane til Austlandet og InterCity-tognettet.

Den midtre traseen vil gje meir press på Bergensregionen som allereie i dag har manglande areal til bustad og næring. Den indre traseen vil utvida Bergensregionen med store areal heilt inn til Hardangerfjorden, og reisetida frå indre Hordaland og Midthordland vi bli redusert over 30 minutt.

Midtre trase vil både ved ilandføring og lineføring rasera naturkvalitetar i skjergarden på ein måte som står i grell kontrast til strandsonevernet som mange parti held fram mot småskala hyttebygging og næringsetablering.