Meny
Bli medlem

- Eg er stolt over laget vårt

Sist endret: 27.09.2020
- Eg er stolt over å vera leiar for Senterpartiet, og eg er stolt over laget vårt. Me har styrt landet i 8 år, og eg er viss på at denne perioden vil bli omtala som ei gulltid for partiet. Vårt oppdrag no er å sikre størst muleg gjennomslag på Stortinget, i samarbeid med ulike parti frå sak til sak, sa Liv Signe Navarsete på Sps valvake.

Tale av Senterpartileiar Liv Signe Navarsete på valvaka 9. september 2013.

- sjekkes mot framføring

TAKK til alle gode Senterpartistar som har drive valgkamp

Stands både natt og dag, løpeseddelaksjonar, snakka med folk, delteke på debattar og møter, tapetsert lokalmedia og verkeleg stått på!

 

 

Nokre kritikarar har sagt at Senterpartiet gjorde en dårleg valkamp.

Dei  som hevdar sånt kjenner ikkje oss, og forstår ikkje oss som parti.

Vår valkamp vil alltid vera lokal. Me er eit grasrotparti, også i Stortingsvala.

Heller enn å krangla i tabloide TV-studio har me vore ute og møtt folk der dei bur, i heile landet.

Samfunnet skal byggjast nedanifrå – og det skal valkampane også.

Eg er stolt over den valkampen me har ført og innsatsen me i fellesskap har lagt ned.

 

 

Me har styrt landet i 8 år.

Me har hatt fleirtal, og brukt det godt;

me har løfta samferdsle som felt,

me har løfta inntekta til bonden

me har styrka kommunane og gitt rom for satsing i staden for kutt,

me har sett historisk rekord i satsing på fornybar energi.

Me har i stort levert gode resultat, og eg er viss på at denne perioden vil bli omtala som ei gulltid for partiet når historikarane i framtida skal skriva neste bind i partihistoria.

 

 

Så er det likevel mange

som etter 8 år med raudgrøn regjering ønskjer ei forandring.

Det er for tidleg å seia noko sikkert om kva resultatet blir for vår del.

Erfaringane viser at det er særs uvanleg at parti får styrka oppslutnad av å sitte i regjering.

8 år er lang tid.

Men – ingen går inn i regjering eller til val for å få mindre støtte.

Resultata er ikkje klare, men om det blir slik prognosane seier, så kan me ikkje vera nøgde med resultatet for Senterpartiet.

 

Òg for regjeringa er det for tidleg å seie sikkert kva dommen blir. Prognosane ser ikkje gode ut - men me må fortsatt vente litt før dei endelege konklusjonane blir trekt.

Vårt landsmøte ga oss eit klart mandat;

Søk nytt fleirtal med dei raudgrøne partia.

Dersom det ikkje går er vårt oppdrag å sikre størst muleg gjennomslag på Stortinget, i samarbeid med ulike parti frå sak til sak.

 

Kjære alle saman

Eg er stolt over å vera leiar for Senterpartiet, og eg er stolt over laget vårt.

Uansett korleis resultatet no til slutt blir skal Senterpartiet fortsetta å vera ei kraft i norsk politikk.

Me skal bygga vidare på verdiane våre.

Folkestyre. Desentralisering. Utjamning. Langsiktig forvaltning.

Verdiar som bygger et godt felleskap.

Som ser heile landet og gir fridom til den enkelte til å realisera sine draumar om eit godt liv.