Telemark Senterungdom er glad for at fylkestinget med Senterpartiet i spissen har auka satsinga på skulehelsetenesta i vidaregåande skule med ein million. Pengane går til å styrke innsatsen mot rus.
For ungdom er det avgjerande at skulehelsetenesta har ressursar til å jobbe førebyggjande og ha tid til kvar enkelt elev. Telemark Senterungdom krev difor at fylkestinget doblar løyvinga til 2 millionar i budsjettet for 2015.
Fylket og kommunane kan ikkje løyse dette sjølve. Staten må òg satse på helsesøstre og skulehelsetenesta. Telemark Senterungdom vil jobbe for ein helsesøstermilliard over statsbudsjettet
.