Å selge kommunereforma som ei demokratireform vert for sp heilt feil. Lokalt i kommunane vert det færre folkevalgte, større avstand for folk til dei folkevalgte og lenger avstand til der makta er. Erfaringa er at antall byråkratar aukar.
Kommunereforma er ei sentraliseringsreform der makt vert samla til sentrale strok. Regjeringa med støttepartia har vist til Danmark der dei har slått saman kommunar i stor stil. Det som har skjedd i Danmark fortener norsk merksemd. Sp vil seie reforma i Danmark har vore ein bygdedødar og ei byråkratireform. Danskane har ikkje spart pengar, men fjerna dei folkevalde og erstatta dei med byråkratar.
Statleg deltaljstyring av kommunane er i ubalanse med lokaldemokratiet. Det er det som er i spel med kommunereforma som vil få dramatiske konsekvensar for distriktsnoreg. Sp meiner at lokaldemokratiet skal vere sterk. Staten skal gje gode rammer og kommunane og dei folkevalde skal sjølv bestemme innafor desse.
Anne-Nora Oma Dahle, ordførarkandidat Nissedal Senterparti