Meny
Bli medlem

«EIENDOMSSKATT ET NØDVENDIG ONDE ELLER FELLES MULIGHET?!» - eit stutt svar til Helle Gjerde, Ap

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Det er særdeles frimodig å påstå at Senterpartiet vedtok innføring av eigedomsskatt i Hjartdal. Må da berre på nytt vise til budsjettmøtet i desember 2011, tri månader etter kommunevalet, - der var det oppe ei prinsippsak om innføring av eigedomsskatt i heile kommunen . Det var eit samla Ap som vedtok det, mot stemmene til Krf og Sp. I ettertid må både Sp og Krf og innbyggarane leve med det vedtaket og andre vedtak som Ap-fleirtalet tvingar i gjennom. Slik er demokratiet sine spelereglar!, skriv Olav Tho i Hjartdal Senterparti.

I desember 2013 vedtok kommunestyret med sitt Ap-fleirtal eit eigedomsskattetal på 12 millionar,  tri millionar høgare enn tilrådd av rådmannen. Sp og Krf gjekk i mot det og hadde sitt eige budsjettframlegg. Rådmannen hadde ei opptrapping av eigedomsskatten i langtidsbudsjettet (ikkje juridisk bindande). Det gjekk Senterpartiet og Kristeleg folkeparti i mot i deira  felles alternative budsjettframlegg. (Det er nedskrive i vedtaksprotokollen!).

Senterpartiet har merka seg dei mange attendemeldingane frå næringsliv og privatmenneske, som vil få det tungt med den nye eigedomsskatten.  Senterpartiet vil aktivt arbeide for å redusere eigedomsskatten i denne

valperioden. Det vil koma nye framlegg om det!  Og så er det val i 2015!

Så er det tydeleg at Helle K. Gjerde og Ap likar makt, men rømmer frå det ansvaret det gjev. Det fortel vel sitt!

 

Olav Tho, Sp