Meny
Bli medlem

Eigedomsskatt i Nissedal

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark#Telemark
Etter ein lang haust der politikarane skulle finne om lag 7 millionar kroner for å vidareføre dagens drift av Nissedal kommune, enda det opp med eit kommunestyrevedtak om å innføre eigedomsskatt. Senterpartiet prøvde å få i gang ei brei drøfting om å ta ned drift med nedbemanning og omorganisering. Det fekk me ikkje gjennomslag for. Rådmannen foreslår å kutte eining for skule med 6 stillingar. Å legge ned grendeskulane vil gje ei innsparing på 1,6 millioner. Det var fortsatt 5 millioner å kutte, skrive kommunestyregruppa til Sp.

 Å tru me innfører eigedomsskatt for å bevare grendeskulane er for enkelt.

 Nissedal innfører eigedomsskatt fordi me brukar meir pengar enn me tener. Bedriftsøkonomisk har me for mange ansatte og for stor gjeld. Og me veks framleis.

 Sist vedtatt er å bygge 2 prøvebustader i sentrum for 4 millioner og trimrom for 3 millioner. Det er like feil å seie me innfører skatten for å bygge rom til å spinne i.

 Etter forslag frå Senterpartiet fekk me likningstaksering som grunnlag for beskatting av hus. Det gjev husa eit lågare grunnlag enn ei taksering. Dei husa som ikkje har likningstakt bør snarast skaffe seg ei for å sleppe ei taksering. Vidare har me som mål og utnytte mogleikane i lova for å gje næringslivet fritak frå eigendomsbeskatting.

 Senterpartiet har vore med på store og viktige investeringar dei siste åra i sentrum. Utbygging av vatn og kloakk til Gautefall, ny barnehage i Treungen, ny personalbase på Kåsa bu- og avlasting, oppbygging av Tveitsund bustadfelt, utviding av Kåsa-Solli bustadfelt. Dette i tillegg til at det koster kommunen 1,5 millioner i årleg driftsutgifter på Fleirbrukshuset.

 Voksesmertene kjem av viktig utvikling av sentrum på kort tid for ein liten kommune som Nissedal. Og investeringane er tunge for drifta. No byrjar den politiske kvardagen med ein gjennomgang av drifta og vegen vidare for heile kommunen.

 Endringane kan ikkje kun skje i budsjettet til kommunen. Skal me få varige gode løysingar for ein vekstkommune må det ei holdningsendring til. Skal me klare dette må me dra lasset saman og spele på lag. Eigedomsskatt løyser ikkje problema aleine. Skal Nissedal kommune lukkast må innbyggjarane i heile kommunen vise kvarandre respekt og ville kvarandre vel! Sentrum og grendene må respektere kvarandre sine verdiar og eigenart!

 Kommunestyregruppa Nissedal Senterparti

Anne-Nora Oma Dahle

Stein Skåli

Kari Anne Nordbø

Marianne Bråten Odden

Kjetil Hølje Fjalestad