. Visst kan det vera hyggeleg for administrasjon og politikarar å kunne ha mykje pengar å rutte med, men det er innbyggarane som fær rekninga i desse dagar. Dette er ein ny skatt i Hjartdal (bortsett for verk og bruk), som er både «urettferdig» og usolidarisk, sidan det ikkje er ein skatt etter evne. Senterpartiet og Kristeleg folkeparti gjekk mot denne auken. Det som skjer no, er at regjeringspartiet i Hjartdal legg seg på eit unødig høgt driftsnivå og legg opp til store investeringsutgifter som blir tunge å bera i framtida- noko som kan gje enda høgare eigedomsskatt på privatpersonar og næringsliv. Senterpartiet ynskjer ein langt meir forsiktig pengebruk og såg det som særleg uheldig at politikarane auka godtgjersla mykje til sjølveseg.
Elles har det blitt forsøkt skapt ei myte om at valet stod mellom eigedomsskatt og nedlegging av skular. Det er ikkje Sp med på. For oss er barnehage og skule i kvar bygd minst like viktig som alt anna kommunen driv med. Kommunevalet i 2015 blir ei prøve på om innbyggarane i kommunen ynskjer høg eigedomsskatt eller ikkje. Da kan veljarane seie i frå om kva dei synest om dagens styre.
Inntil da bør alle som har blitt pålagt denne eigedomsskatten, som er heimla i «Byskattelova», gå nøye gjennom grunnlaget for utlikninga av denne og nytte klageretten. Heldigvis har statlege styresmakter bestemt at landbruket ikkje kan ileggast slik eigedomsskatt.
Etter Sp sitt syn skal freda og verneverdige hus fritakast fullt ut alt no. Det same må gjerast med nye bustadhus og hytter, for å hindre at det blir stor nedgang i slik bygging, noko som vil ramme innbyggarar og næringsliv hardt og kommunen sjølv i form av redusert folketal og skatteinngang.