Med Senterpartiet i regjering har regional utvikling og næringsutvikling over heile landet fått eit løft dei siste åtte åra. Det har gitt folkevekst i eit rekordstort antal kommunar og stor vekst av nye arbeidsplassar. Den blå-blå regjering bruker første høve til å redusere denne innsatsen kraftig.
Regjeringa sitt budsjett er sterkt prega av at den tar mindre hensyn til spredt busetting i Noreg enn den rødgrønne regjeringa.
Kjøp av posttjenester er foreslått kutta med 50 mill., samtidig som dei foreslår å gjennomføre EU sitt tredje postdirektiv og å redusere kravet til antall omdelingsdagar frå seks til fem dagar i veka.
Dette er starten på eit takstifte, som vil ramme mange. Dette er starten på ei gradvis avvikling av det me kjenner som Posten i Noreg.
Det som er mest alvorleg med dette budsjettet er den klare endringa i norsk politikk, som i fyrste rekke rammer dei mange hundre tusen innbyggjarane som ikkje bur i dei store byane og tettest befolka områder. Dette rammer Telemark både i Grenland og i bygdene.
Regjeringa vil møte sterk motstand i Stortinget av Senterpartiet og dei raudgrønne!