Senterpartiet ynskjer ein god skule for alle, uavhengig av bustad og sosial bakgrunn. Me meiner at det er eleven som er den viktigaste i skulen. Derfor meiner me at den enkelte skule og den enkelte lærar må få større fridom og høve til å gjeve nødvendig tilpassa læring.
Det er i dag alt for mange med praktiske eigenskapar som følar at dei fell utanfor i den norske skulen. Ved å ikkje tilpasse undervisninga til desse elevane, risikerer me at skulen gjer at born følar seg som taparar, heller enn at dei får utfalde seg og utvikle sine evnar. Alle må verte sett, utfordra og anerkjend for dei evnene dei har. Spesielt ynskjer Senterpartiet å gjere ungdomskulen meir praktisk og relevant for arbeidslivet. Me har jobba hardt i regjering for å få meir praktisk undervisning på alle nivå i skulen, blant anna gjennom innføring av valfag i ungdomskulen.
Fleire må få høve til å gjennomføre ein praktisk fagutdanning, og det må verte lettare å få lærlingeplass etter endt utdanning på yrkesfag. Samstundes ynskjer Senterpartiet at det skal leggjast til rette for fleire alternative studielaup, for dei som kanskje ynskjer og treng ein kombinasjon av teori og praksis, enn dagen modell med 2 år teori følgd av 2 år praksis.