Meny
Bli medlem

Ein rovdyrpolitikk som føreset eit aktivt landbruk!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
-Eg er glad me har ein landbruksminister frå SP som står opp for ei viktig næring! Norsk landbruk har ei framtid om me gjev dei gode rammevilkår. Senterpartiet meiner me har eit globalt ansvar for å produsere mat. Med rammevilkår meiner eg ei lønn å leve av, men og ein rovdyrpolitikk som føreset eit aktivt landbruk!

Den finsk-russiske ulven som oppheld seg i Norge er ikkje utrydningstrua. La det ikkje vere tvil om det. Men den norske bonden er det. Norsk landbruk og matproduksjon er det. Kulturlandskapet er det.

Eg er sterkt uroa over manglande kunnskap om den norske bonden blant folk. Det hastar med å sikre vilkåra for ein framtidig matproduksjon. Ein slik hets mot ei yrkesgruppe som arbeider for knappar og glansbilde er ikkje rekrutteringsfremmande.