Meny
Bli medlem

Ein skulle nesten tru at dei hadde bustadsadresse i Sverige (Høgre)

Sist endret: 27.09.2020 #Rogaland
Fylkesleiar Bjarne Undheim hadde innlegg under generaldebatten med tema landbruk og kommuneøkonomi.

 


Senterpartiet har vore i regjering i 8 år. Kva betydning har det hatt for ei av dei største bygdenæringane? (landbruket). Ingen må vera i tvil om at det har vore eit skifte i landbrukspolitikken med den raudgrøne regjeringa. For fyrste gong på lenge har det vore ei kronemessig lik utvikling som hos andre grupper. Ein treng heller ikkje vera forskar for å forstå at prosentvis tillegg for ei gruppe som ligg longt etter, fører til større og større avstand. Eg trur og at folk flest forstår at det ikkje er Senterpartiet som er bremseklossen for at ein ikkje er komen lengre i innteksutviklinga for landbruket! Det er avgjerande at det vert synt ein politisk vilje til å starte på tetting av innteksgapet til andre grupper i vårens jordbruksoppgjør. Dette må Jens og Schjøtt-Pedersen forstå. Oppgjøret dette året må peike framover, og gje trua på at jordbruket er ei framtidsretta næring. Tollsaka sist haust var ein viktig milepæl, men det nyttar ikkje å kvile på laubæra. Det var litt av nokre reaksjonar frå leiinga i Høgre ang. tollsaka, og dersom eg ikkje visste betre skulle ein tru dei hadde bustadsadresse i Sverige!


- Kva er viktige fokusområder til vårens jordbruksforhandlingar?
At ein sluttar opp om tallmaterialet i budsjettnemda og ikkje brukar energi på å diskutera dette. Bruk energien på å auka ramma til landbruket. Det er no det gjeld; det står om truverdet til Senterpartiet!

Kommuneøkonomi; Senterpartiet har auka andelen av frie midler til kommunen, dette kaller me lokalt sjølvstyre, det er underkommunisert og ei svært god lokal sak.

Til slutt ein utfordring til Trygve Magnus Slagsvold Vedum... det er manndomsprøven du skal til med. Dersom du får jordbruksoppgjeret i havn har eg eit synlig teikn du skal få. (Eit vanvittigt stygt og stort slips med teksten: "best i test" blir vist))

Se hele innlegget her: 
http://new.livestream.com/webcastno/senterpartiet/videos/15825013