Meny
Bli medlem

Ein Vest-Telemark kommune?

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
I dag skal Vest-Telemarkrådet handsame saka om kommunesamanslåing. Saka baserer seg på ein «Forstudie» som er skriven av ei gruppe leia av tidlegare rådmann i Vinje, Hans Kristian Lehmann. Jarand Felland, Tokke Sp og Jon Rikard Kleven, Vinje Sp: Arbeidsutvalet i Vest-Telemarkrådet tilrår at dei 6 ordførarane skal tilrår eit «Forprosjekt». Det er viktig å vere klar over at Forprosjektet skal munne ut i vedtak om kommunesamanslåing. Det etterfølgjande Hovudprosjektet skal berre ordne formalitetane. Bruken av ordet «Forprosjekt» er såleis eit særs misvisande ord. Vest-Telemarkrådets vedtak i dag vil vere grunnlag for ei sak for kommunestyra i januar/februar 2015 i kvar av dei seks kommunane knytt til deltaking i «Forprosjektet». Vi meiner at ordførarane i Vest-Telemarkrådet ikkje bør binde seg til eit standpunkt, før saka skal handsamast i deira eigne kommunestyre

 

 

1. Kvifor er ein Vest-Telemark kommune ein dårleg ide?

Monsterkommune

Kommunen blir Noregs nest største etter Kautokeino i Finnmark. Vest-Telemark kommunen vil vera større en Vestfold, Oslo og Akershus til saman.  Ein Vest-Telemarkkommune vil vera ein Monsterkommune.

 

Det er enorme avstandar i regionen. Dette medfører store utfordringar, både når det gjeld deltaking i demokratiske prosessar, rekruttering til dei folkevalde organa, og arbeidsplassar knytt til kommuneadministrasjonen.

Eit nytt kommunestyre vil måtte handsame saker over eit svært stort geografisk områder, frå grender som Felle i sør, til Arabygdi i nord, men også Kleivgrend, Langlim, Fjågesund og Byrte.  Mange kommunestyrerepresentantar vil truleg aldri ha vore i desse grendene. Det er uheldig når avstanden mellom dei som styrer og dei som vert styrte vert så stort.

Det vil også verte meir krevjande å vere folkevald. Kven trur at dei folkevalde vil køyre over 150 kilometer tur/retur for å delta på medlemsmøte i partia, gruppemøte i partia, møte i hovudutval, kommunestyremøte og andre folkemøter? Ein stor kommune vil på sikt føre til at dei fleste politikarane kjem frå området rundt det nye kommunesenteret.

 

Små kommuner = gode tenester

Forsking og undersøkingar viser at folk i små kommunar, dvs. med under 5000 innbyggarar, er meir fornøgde med skule, barnehage, helse- og omsorgstenester enn innbyggjarar i større kommunar.  Dette er dei sentrale tenesteområda for ein kommune.

 

Små kommmunar = folkestyre

Undersøkingar frå tidlegare kommunesamanslåingar viser at interessa blant innbyggarar for å ta på seg politiske verv blir redusert. Også interessa for å fremje sine synspunkt gjennom andre kanalar blir redusert. Med andre ord, små kommunar sørger for eit meir levande folkestyre ein ein stor kommune.

Forsking viser også at tilliten til politikarane er større i små kommunar enn i store kommunar.

 

Kraftig sentralisering

Vest-Telemark rådet foreslår at ein Vest-Telemark kommune kan dele plasseringa av hovudetatane på det som i dag er dei ulike kommunesentra. Det vil seie at teknisk-etat kan ende i Fyresdal, skuleetaten i Vinje osv. Men på sikt er det stor grunn til å tru at også ein ny Vest-Telemark kommune vil måtte spare pengar. Då vil det naturlege vere å samle etatane i det nye kommunesenteret. Det vil altså skje ei kraftig sentralisering. Kva vil då skje med busetjingsmønsteret i regionen?

 

2.Tidsplanen

Tidsplanen som Arbeidsutvalet i Vest-Telemarkrådet har lagt fram, er ein kopi av Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanners ynskjer. Den er hastverksprega og ikkje akseptabel for å få til ein god prosess.  Forsking  frå kommunar som har vore i gjennom ein prosess om kommunesamanslåing, viser at ein oppnår best resultat der kommunane har brukt god tid på sine prosessar.

 

3.Kva for nye oppgåver skal kommunane få?

Våren 2015 skal Regjeringa legge fram kommunemelding med kva for oppgåver som dei nye kommunane skal få. Det er fyrst når dei aktuelle oppgåvene er klåre, ein kommune kan ta stilling til kva for andre kommunar det kan vere aktuelt å evt. slå seg saman med. Det er soleis mest fornuftig å vente med å setje i gang Forprosjektet til kommunemeldinga er lagt fram.

 

4.Folkerøysting

Arbeidsutvalet i Vest-Telemarkrådet legg vidare opp til at kommunesamanslåing skal avgjerast av kommunestyra i juni 2016 og ikkje gjennom folkerøysting. Vi meiner at alle saker om kommunesamanslåing skal avgjerast gjennom folkerøysting.

 

5.Meir privatisering

Fagforbundet i Tokke kommune har delteke i ei referansegruppe til «Forstudien». Fagforbundet opplever at det har vore så hast med «Forstudien» at det har vore vanskeleg for referansegruppa å kome med sine innspel. Fagforbundet viser til at ein stor kommune vil legge til rette auka privatisering av tenester. I tillegg viser Fagforbundet til at ein gjennomsnittleg kommune i EU har 5500 innbyggare, medan i Noreg i dag har vi over 11 000. I EU har ein snittkommune ein storleik på omlag 50 km2 medan dei i Noreg i dag har over 700 km2. Med andre ord er norske kommunar i dag alt monaleg større enn kva som det er i EU.

 

6. Ja til gode kommunar

Tokke Senterparti og Vinje Senterparti vil heller ha gode kommunar enn store kommunar.

 

Vi ber difor ordførar Arne Vinje (SV) i Vinje og Hilde Alice Vågslid (Ap) i Tokke om at saka om «Forprosjekt» sendast over til kommunestyra utan tilråding frå Vest-Telemarkrådet. Alternativt bør ordførarane røyste nei til framlegget frå Arbeidsutvalet i Vest-Telemarkrådet, om å setje i gang «Forprosjektet» med siktemål om ein Vest-Telemarkkommune.

 

Jon Rikard Kleven, Vinje Senterparti

Jarand Felland, Tokke Senterparti